Operasjon Dagsverk går til colombiansk ungdom

Pengane frå OD-dagen skal gå til å hjelpa ungdom som lev i farlege og valdelege område.

Måndag bestemte elevtinget at inntektene frå Operasjon Dagsverk i år skal gå til ungdommar som lever under farlege forhold i Colombia, skriv Framtida.no.

For seks år sidan underteikna regjeringa i Colombia og FARC-geriljaen ein fredsavtale. FARC-geriljaen er dei revolusjonære væpna styrkane som har teke over store delar av landet.

Avtalen skulle markera slutten på borgarkrigen som hadde vart i meir enn 50 år, men seks år seinare held valden framleis på.

Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) er organisasjonen som skal leia prosjektet til Operasjon Dagsverk. Pengane frå OD-dagen går ikkje til ei av sidene, men til å hjelpa ungdom som sit midt i mellom. Desse ungdommane lever i farlege og valdelege område.

For desse ungdommane handlar det om liv og død, og å ha ei framtid å sjå fram til, seier nestleiar hjå SAIH Selma Bratberg.

Les meir: Dette er dei kulaste OD-jobbane

Samarbeider med lokale organisasjonar

SAIH og Elevorganisasjonen skal samarbeida med fire colombianske organisasjonar. Nestleiaren i SAIH fortel at det er viktig å ha lokale folk med på laget.

Det vi ønskjer med prosjektet er å støtta desse organisasjonane i å skapa eit alternativ til dei væpna gruppene og narkobandane i landet. For vi veit at unge – om dei ikkje har noko anna å gå til – lett kan verta rekrutterte, seier Bratberg.

Målet med OD-prosjektet er å gjera unge betre rusta til å seia nei til dei som vil tvinga dei inn i valdelege grupper. I tillegg vil dei jobba for at fleire får gå på skule, som er viktig for å fremja fred.