Dette er dei kulaste OD-jobbane

I dag går årets OD-dag av stabelen. Her kan du finna inspirasjon til kva jobb det faktisk er mogleg å skaffa seg på OD-dagen.

Sidan 1964 har drøssevis med elevar bytt ut skulekvardagen med arbeidslivet og donert inntekene til eit godt formål. I år er målet å støtta ungdom frå Sør-Afrika i kampen mot sosial urettferd, skriv Framtida.no.

– Mange ungdommar i Sør-Afrika blir fødde inn i ei skeivfordelt verd. Eg gler meg til å sjå kva norske og sørafrikanske ungdommar kan få til saman, sa OD-leiar Hedda Oven Halvorsen (19) i ei pressemelding då det vart klart kva pengane skal gå til i år.

Kva jobb ein vel, er heilt opp til den enkelte – og det er berre fantasien som set grenser. Nokre seier seg nøgd med å vaska bilar, støvsuga hjå besteforeldra sine eller å baka bollar – medan nokre tek fart og skaffar seg skikkeleg kule jobbar for ein dag.

Kanskje finn du inspirasjon til neste OD-dag blant nokre av desse jobbane:

? Ørsters-plukkar

Likar du havet? Då er dette kanskje eit tips til OD-jobb for deg!

Over fleire år hadde ein uønska østers invadert sørlandskysten. Derfor bestemte elevar ved Kristiansand Katedralskule Gimle seg for å bidra. Under OD-dagen plukka dei østers, og dei fortalde at dagen var mykje kjekkare enn dei hadde forventa.

? Ordførar for ein dag

OD-dagen er perfekt for å sjekka kva det vil seia å vera folkevald – om det er noko du ser for deg i framtida. Nettopp det har fleire testa allereie.

I fjor følgde Mathilde Tolstad og Andrey Fjeldstad ordføraren i Skien kommune ein heil dag, og nokre år før det var 10. klassingen Nazrawi Tedros ordførar i Vestre Slidre.

?️ Forsking

I 2019 brukte to 8. klassingar OD-dagen på å bidra til forskingsprosjektet Natur i endring hjå Naturhistorisk museum.

Eldar Poorkand Tjøtta og Erling Bryn Folvik var detektivar for ein dag, og gjekk gjennom 130 år gamle registreringar av tre- og skoggrenser i Nord-Noreg. Det er kult, det!

? SoMe-tips til utviklingsministeren

Utviklingsministeren har også tilsett elevar på OD-dagen.

I 2019 bytte Sunniva (15) og Maja (14) ut klasserommet med utanriksdepartementet, og arbeidde saman med dåverande utviklingsminister Dag-Inge Ulstein ein heil dag. Der gav dei han mellom anna fleire SoMe-tips.

? Drive hotell

I 2017 tok ein heil klasse frå Oslo Handelsgymnasium over drifta av Scandic Vulkan på Operasjon Dagsverk!

Dei fekk ulike roller som mellom anna hotelldirektør, arbeidar på kjøkkenet og i salsavdelinga til hotellet. På den måten fekk dei eit ordentleg inntrykk av korleis det faktisk er å driva eit hotell. Kult, hæ?