TikTok vil avgrensa tidsbruk for unge brukarar

Appen innfører tidsgrense for brukarar under 18 år.

For norske brukarar under 18 år vil tidsgrensa setjast på ein time, skriv Tek.no.

I ei pressemelding skriv TikTok at dei innfører grensa for å gjera brukarane bevisste på kor mykje tid dei bruker på appen.

Etter 60 minutt vil appen låse seg og be om eit passord for å halda fram med scrollinga.

Tre telefonskjermar
Sånn skal varselet sjå ut når brukarar har vore på TikTok i over ein time. Grafikk: TikTok

Fått kritikk

TikTok har blitt kjend for å tilby ein uendeleg straum av innhald som gjer det vanskeleg for brukarar å innsjå at dei bruker mykje tid på appen.

Mange har kritisert TikTok for å skapa avhengigheit, som er ein av grunnane bak den nye endringa.

Appen skrudde tidlegare av varslingar etter klokka 21 for unge brukarar for å passa på at ungdom får nok søvn.

Kva synst du om den nye endringa?

Kva synst du om den nye endringa?

Synst den er bra48
Ikkje bra!101
Veit ikkje25
Bruker ikkje TikTok28
Svar totalt: 202

Les meir: TikTok-psykologen: – Tenk på sosiale medium som godteri

Les også: Dette er grunnen til at du blir avhengig av TikTok