Meiner politikarane gjer for lite: – Krystallklar og knusande dom frå barn og unge

Dei aller fleste barn og unge i Noreg er misfornøgde med korleis politikarane tek tak i klimakrisa. Det kjem klart fram i ei ny undersøking.

Redd Barna og Miljøagentene si klimaundersøking: 
  • Undersøkinga er gjennomført av Opinion på vegner av Redd Barna og Miljøagentane.
  • 1039 barn og unge i alderen 8–19 år har svart på ei rekkje spørsmål om deira forhold til klima- og miljøendringar.
  • Alle landsdelar er representert.
  • Mellom anna kjem det fram at 1 av 4 trur at verda vil klare å løysa klima- og miljøproblema. 14 prosent meiner at politikarane gjer nok for å løysa problema, og i underkant av 1 av 5 meiner dei har moglegheit til å påverka politikarane.
  • Jentene er meir påverka, engasjert og bekymra enn gutane.
  • Det som er viktigast for flest, er å stoppa plastforsøplinga i naturen.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er på ingen måte optimistiske tal som blir lagt fram i rapporten, men det er god grunn til at barna svarar som dei gjer. Sjølv om me har visst om problema dei siste 40 åra, har det framleis ikkje skjedd noko drastisk og radikalt, som må til viss me skal løyse klimakrisa.

Det seier Emanuel Smári Nielsen (15). Han er miljøagent, og har det siste året vore leiar for Barnas klimapanel. Dei er eit demokratisk valt panel, som er sett saman av åtte barn og unge frå heile landet.

– Me fungerer som eit talerøyr inn mot politikarane og dei som bestemmer i Noreg, slik at barn gjennom oss skal få moglegheit til å bli høyrde, seier Emanuel.

Og nettopp det er det svært få barn og unge som føler at dei blir.

– Grunnlag for å vera pessimistisk

I ei ny undersøking gjort av Redd Barna og Miljøagentane, kjem det fram at 17 prosent føler dei blir høyrde og tatt på alvor av dei som bestemmer. 3 av 4 svarar at dei ikkje trur at verda kjem til å greia å løysa klimakrisa. Emanuel er ikkje overraska.

– Klimademonstrasjonane med Greta Thunberg i spissen, og heilt konkrete tal og grafar som i denne undersøkinga, viser at barn ikkje er fornøgde. Dette er ein krystallklar og knusande dom, seier han.

Den store frykta: Emanuel fortel at han har mange tankar som svirrar rundt i hovudet. Han synest det skumlaste er om me ikkje greier å stå saman for å løysa problema. – Det er den store frykta. Eg har stor tru på at om me står samla, så får me det til, seier han. Foto: Miljøagentane/Wanda Nordstrøm

Leiaren av Barnas klimapanel trur pessimismen kjem frå at utviklinga går alt for sakte.

– Det som går framover, går med museskritt. Akkurat no ser det ikkje ut som me vil nå 1,5 gradersmålet. Det er alvorleg, for til og med det er ein klode me ikkje vil kjenna att.

Får lyst til å gjera noko

Barn og unge i Noreg høyrer på det forskarane seier, og Emmanuel oppfordrar politikarane til å gjera det same. Han meiner rapportane klart viser at me treng handling og tiltak.

– Me sit på løysinga, og i Noreg har me pengane til å gjennomføra det også. Det er berre viljen som manglar, og den viljen har barn og unge! Men me har ikkje inntrykket av at politikarane har han, seier han.

Emanuel har stor forståing for at mange er uroa for framtida, for det er han også. Det er skremmande, og vanskeleg å vera optimist. Likevel meiner han at det er viktig å tenkja på at det framleis finst håp.

– Håpet ligg der, og det gjer også driven og viljen. Viss me får samla oss rundt dette, er eg sikker på at det går heilt fint. Det kan uansett ikkje bli betre enn viss alle gjer sitt beste.