Bjarte (15) jobbar for betre psykisk helse i skulen

Det er viktig at alle har nokon å vera i lag med, seier Bjarte Notland Tjensvoll.

– Eg trur mykje av problemet i dag er at folk ikkje kjenner seg inkluderte, seier Bjarte.

Han har laga ungdomsorganisasjonen Unge i Psyken (UiP). Dei er 18 medlemmer som jobbar for å hjelpa unge med å få det betre.

Bjarte seier at det framleis er mange i skulegarden som ser negativt på det å ha psykiske plagar. Og han meiner at sosiale medium, karakterpress og utestenging gjer at fleire har det vanskeleg.

Ver ein venn

Unge i Psyken jobbar med å spreia kunnskap direkte til dei unge. Det gjer dei mellom anna gjennom sosiale medium, plakatar og magasin.

– Vi må læra meir om kva tankar og kjensler er, og kvifor vi har dei, seier Bjarte.

UiP har skrive brev til politikarar i Noreg for å få dei til å gjera meir for å betre psykisk helse. Dei ønsker til dømes å ha psykologar på skulane, som kan hjelpa elevane som treng det.

UiP har òg hatt aktivitetar med elevar inne i klasseromma deira. Dei jobbar med å få fram kor stor kraft ein kvar elev har til å påverka samhaldet i klassen, og kva det kan bety for korleis andre føler seg.

Merkar endring

Bjarte fortel at han merkar ei endring på sin eigen skule. Folk er meir inkluderande i friminutta. Det synest han er spesielt viktig.

– Alle skal føla seg sett, og alle skal bli inviterte til å vera med. Vi ser kor viktig det er. Det er givande og kjekt å sjå at vi gjer ein skilnad, seier han.

Han seier at det er viktig med variasjon i aktivitetar på fritida, så alle kan finne noko dei synest er kjekt. Bjarte meiner også det er viktig at elevar er i lag på tvers av trinna, i staden for at det vert skilje mellom klassane.

– Det dannar seg ofte gjengmiljø, der éin gjeng vert den populære, og andre vert ekskluderte og rekna som mindreverdige. Difor er det også viktig å jobba med miljøet i klassen, så alle står likt, seier han.

– Vi er flokkdyr. Vi er avhengige av kvarandre. Difor er det så viktig at alle får kjenna tilhøyrsle, legg han til.

– Meir fokus på gutane

Bjarte fortel at han også har lært mykje sjølv av å jobba med temaet. Til dømes kor skummelt det kan vera når ungdommar stiller diagnosar til seg sjølv, basert på noko dei ser i sosiale medium.

– Nokon som synest det er litt skummelt å møta nye menneske, seier kanskje at dei har sosial angst. Nokon tar for lett på orda. Det kan vera respektlaust for dei som faktisk har diagnosen, og samstundes kan fokuset verta retta på eit problem som eigentleg ikkje er så stort, meiner han.

Bjarte meiner også at vi bør snakka meir om kroppspress og usunt kroppsfokus hos gutar. Når gutar er veldig oppteken av å trena, til dømes, vert det som regel berre rekna som noko sunt.