Benjamin kan leve som den han er: – Eg føler meg friare

Då Benjamin innsåg at han var gut, heldt han det først heilt hemmeleg. Men no smiler han meir enn før.

Benjamin Lau-Henriksen (15) vart fødd i ein jentekropp med eit jentenamn. Men då han gjekk i 7. klasse, fann han ut at det var feil. Han fortel at han kjenner seg mest som ein gut, men merkelappane er ikkje så nøye. Han er berre ikkje jente. 

Det å ikkje kjenne seg som kjønnet til den kroppen du er fødd i, kallast å vere trans.

Tanken slo Benjamin ein dag han sat på skulen.

– Eg tenkte: Er eg eigentleg ei jente? Og så fekk eg fullstendig panikk.

Benjamin var livredd for at nokon skulle reagere negativt på at han var trans.

Benjamin las mykje om temaet, men han heldt alt hemmeleg. Han var livredd for at nokon skulle finne ut av det. Kva om venene eller familien ville reagere dårleg? 

Vanskeleg, men deilig

Personar som er skeive har oftare psykiske plager enn andre. Skeiv kan til dømes bety at du blir forelska i nokon av same kjønn, eller at du føler deg som eit anna kjønn enn du er fødd som. Det å vere annleis, kan gjere at ein kjenner seg utanfor, eller vert plaga av andre.

Etter eit halvt år fortalde Benjamin det til mora si, så til venene, og så til andre på skulen.

– Det var viktig for meg å bli akseptert av dei eg bryr meg om. Då er det ikkje like nøye med resten, seier han. 

Benjamin går med fleire merker på jakka, mellom anna eit som seier «xe/han». Det er fordi det er dei orda han vil at andre skal bruke om han. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Han seier at det er veldig frigjerande at han ikkje treng å prøve å skjule kven han er. 

– Bestemora mi la merke til at eg smiler meir enn eg gjorde før, seier han. 

– Senk skuldrene

Benjamin sitt råd til andre skeive er å prøve å senke skuldrene. Det er greitt å bruke tid på å finne fram til kva som kjennest rett. Og så er det viktig å støtte venene sine.

For å passe på si eiga mentale helse, prøver han å unngå negative situasjonar.

– Viss det er nokon som eg alltid må forsvare at eg er trans til, så unngår eg å snakke med dei, seier han.