Dette svarar kunnskapsministeren om pengar på pensum

Kunnskapsminister Tonje Brenna meiner at både skulen og foreldre må læra barn om personleg økonomi.

– Alle born skal læra om økonomi på skulen, men ikkje alt skal lærast i løpet av det fyrste skuleåret. Fyrst må elevane læra å rekna kva ein softis til 20 kroner kostar om du vil ha strøssel til 5 kroner på toppen, før ein kan læra meir om kor mange softis ein har råd til å kjøpa i løpet av sommaren, seier kunnskapsminister Tonje Brenna i ein e-post til Framtida Junior.

Les saka: Ønskjer å læra meir om pengar på skulen!

– Er det foreldre eller skulen som har hovudansvaret for økonomiopplæringa?

– Skulen har ansvar for at elevane får den opplæringa dei har krav på og at dei lærer om personleg økonomi slik det står i læreplanane. Foreldre har eit stort ansvar for å involvera born i familieøkonomien på ein forståeleg måte. Born kan bli bevisste forbrukarar tidleg om dei blir sette inn i at val av varer på matbutikken kan påverka kor mykje ein kan spara til andre ting ein treng i familien. Eg trur det er klokt at me foreldre snakkar med borna våre om pengar, kostnader, gjeld, løn og sparing.

– Burde barn bli betre førebudd på ansvar for eigen økonomi enn dei er i dag?

– Me treng kunnskap om personleg økonomi for å ta gode val i livet og det er viktig at barn og unge lærer om personleg økonomi. Derfor er læreplanane tydelege på at elevane skal læra om dette i fleire fag gjennom heile skuleløpet.

– Har du nokre tankar om kor mykje norske barn og unge kan om økonomi i dag? Kvar er kunnskapshola?

– Då læreplanane vart laga kom det mange innspel om at personleg økonomi måtte koma tydelegare inn skulen. Derfor skal elevane jobba med personleg økonomi i fleire fag og på fleire trinn gjennom heile skuleløpet. Eg trur me foreldre må finna stadig nye måtar å snakka med ungane våre på om pengar. Tenk berre på kor få kontantar me bruker i dag. Utan at ungane eigentleg ser ein einaste mynt eller seddel, skal dei forstå kva ting kostar og kva dei betalar. Her gjeld det å vera kreativ!

– Gjelda til unge vaksne aukar. Er du uroleg for kunnskapsnivået til norske barn og ungdommar?

– Det er nok mange årsaker til at fleire får meir gjeld, men det er viktig at unge får kunnskap om personleg økonomi slik at dei kan ta gode val i livet.

– Er det viktig for likestilling at ein sikrar at alle barn kan privatøkonomi?

– Ja, det trur eg. Både mellom kvinner og menn, guter og jenter. Men også mellom ulike menneske med ulik bakgrunn. Derfor er det så viktig at me lærer om dette på skolen, og at alle me vaksne snakkar med ungane om det.

Kva synest du? Bør ein læra meir om pengar på skulen?

Kva synest du? Bør ein læra meir om pengar på skulen?

Ja70
Nei18
Veit ikkje14
Svar totalt: 102