Ella (7) sende brev til statsministeren

Det er altfor dyrt med hus, meiner Ella Vatne Steinholt. No ber ho statsministeren ta grep.

FAKTA OM PRISAR:
  • Snittprisen på ein bustad i Noreg er 4,3 millionar.
  • På under 20 år har prisen på bustad meir enn tredobla seg.
  • På grunn av krigen i Ukraina har straum, mat og andre varer blitt ganske mykje dyrare.
  • Renta er den høgaste på over 13 år. Det gjer det dyrare med bustadlån.
  • Alt dette har bidratt til at folk får dårlegare råd. Det har ført til at prisane på hus har gått ned med 6,5 prosent dei siste tre månadane.
LES FAKTALUKK FAKTA

Husa kostar uendeleg mykje. Vi kan ikkje bruke alle pengane våre på noko vi treng for å leve. Er dette noko du kan fikse?

Det var den klare beskjeden frå Ella som vart sendt til statsminister Jonas Gahr Støre.

Mykje pengar

VERDIFULLT: Det kan koste fleire millionar kroner å kjøpe eit hus i Noreg. Det er ofte dyrare i byen enn på landet. Foto: Darya Tryfanava/Unsplash

Ella bur i Sandnessjøen i Nordland. Ho fortel at ho har lyst på sitt eige hus når ho blir stor, pluss eit hus i lag med venninnene sine. Men då mora hennar fortalde kor mykje eit hus kostar, vart ho sjokkert. 

Eit hus kan koste fleire millionar kroner.

– Eg syntest det var veldig mange pengar, seier Ella.

Ho synest det er urettferdig at så mykje pengar må gå til noko som ein treng for å leve. Folk burde få bruke meir pengar på andre ting som dei treng, meiner ho. Som mat og klede.

– Og så er det ganske mange vaksne som har lyst på kaffimaskin, seier Ella.

Kan bli streng

Jonas Gahr Støre er statsminister i Noreg.

Ella sette seg ned og skreiv brevet til statsministeren på eiga hand, fortel faren hennar, Leif. Han seier at Ella kan vere bestemt og streng når ho er oppteken av noko. Så sendte Leif brevet av garde til Oslo.

No er Ella spent på om ho får svar. Ho håpar statsministeren seier at han skal fikse det.

Ella har lyst til å bli målar og kunstnar når ho vert stor. Helst kan ho tenke seg å ha ein jobb som ikkje er så travel.

– Men når eg spør pappa, seier han at kunstnarar må jobbe mykje for å tene pengar, seier ho.

 

 

 


Les også:

Selde huset og flytta inn i seglbåt

UT I VERDA: Peder (7), pappa Eirik, Jonas (10), Sofie (1) mamma Annbjørg og Sonja (4) skal reise ut i verda på seglbåten Eunike. Foto: Janne Nerheim