Ønskjer å læra meir om pengar på skulen

Personleg økonomi har kome på pensum, men både fleire elevar og bankar kunne ønskt at det var endå meir.

Dette skal ein læra på skulen innan:
  1. trinn:

– reflektera over samanhengen mellom personleg økonomi og forbruk hos den enkelte

  1. trinn: 

– reflektera over korleis kommersiell påverknad kan verka inn på forbruk, personleg økonomi og sjølvbilete

– laga og vurdera budsjett og rekneskap ved å bruka rekneark med cellereferansar og formlar

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg tenkjer mykje om pengar og framtida. Eg tenkjer på korleis eg skal klara å betala for bensin, husleige, mat og alt eg treng når eg blir vaksen, seier Jimmy Bakke (11) i 6. klasse på Tysnes skule.

Framtida Junior er på besøk i 6. klasse på Tysnes skule. Elevane som me snakkar med kan godt tenkja seg å læra meir om pengar, sparing og korleis ein kan tena pengar.

– Det er lurt å ikkje bruka meir enn ein tener, seier Even Bergesen (11).

– Det er veldig bra å læra om pengar på skulen, slik at ein kan ha eit bra liv og slepp å bli fattig, legg Jimmy til.

PENGAR: Even Bergesen (11), Niayesh Wahedi (11), Helene Støle (11) og Jimmy Bakke (11) vil gjerne læra om pengar og økonomi på skulen.

– Dårlege vanar går i arv

Hilde Elisabeth Johansen er fagsjef i Finans Norge, organisasjonen for alle bankane i Noreg. Ho seier til E24 at ho gler seg over at personleg økonomi har blitt ein del av pensum på skulen, men skulle gjerne sett meir av det i undervisinga.

– Dette feltet treng dei unge kunnskap om uansett kva dei skal jobba med seinare i livet. Dårlege pengevanar går ofte i arv. Det er med på å skapa eit klasseskilje i samfunnet. Den kunnskapsforskjellen vil me utjamna, seier ho.

Les saka: Dette svarar kunnskapsministeren om pengar på pensum!

Kva synest du? Bør ein læra meir om pengar på skulen?

Kva synest du? Bør ein læra meir om pengar på skulen?

Ja70
Nei18
Veit ikkje14
Svar totalt: 102