3 tips til ein magisk tur
- Leik ilag! Ha det gøy og ikkje stress med å komma fram. Foreldre kan også spørje barn om å leika. Det er ikkje berre barna sitt ansvar å finne på kjekke ting.
- Tenk på kva du har lyst å ha med deg på tur. Kanskje ei god bok du vil lesa når du tek ein pause? Eller kanskje litt godteri? Det er viktig å ha noko koseleg å gle seg til.
- Sjå etter troll! Trollspor i naturen er spennande, og du finn mange spennande trollteikn rundt i heile Noreg.
Mina og Alexander har vore faste turkameratar sidan Mina blei fødd. Saman har dei sove mange hundre døgn i telt på kryss og tvers i Noreg.
Du har kanskje sett dei i TV 2-serien «Mina og meg»? No kjem også boka «Mina og meg – jakta på trollmagien» og den splitter nye TV 2-serien «Mina, Lilje og meg» der også Mina si veslesyster er med på tur.
Forteljinga i den nye boka handlar om ein langtur Mina og pappaen gjekk då Mina var 3 år og ti månader. Dei vandra rundt Hjørundfjorden i 21 dagar der dei jakta på turmagien i trolla sitt rike.
– Det var mykje ruskete regn på turen, og eg hugsar me opplevde mykje trolltåke, fortel Mina.
– Ja, Hjørundfjorden er ein stad med mange mytar og historier om folk som seier dei har møtt på troll, fortel Alexander.
I forkant av alle turane undersøker dei kva trollhistorier som finst der dei skal gå.
– Det er ekstra gøy når me kan fortelja spennande historier medan me er der det skal ha skjedd. Dessutan blir me betre kjent med menneska som bur i område me besøker. Det er mange eldre menneske som sit inne med segn og historier som berre lever vidare dersom dei blir fortalt vidare, fortel Alexander.

FOTO: Michael Schult Ulriksen
Må ta tid til å sjå etter troll
Hjørundfjorden, som ligg i Møre og Romsdal, har mange gamle segn om trolla i område.
– Folk har fortalt oss mange små historier om ulike trollmøte, om troll som er blitt til stein i fjellsider, trollfotavtrykk og trollansikt i fjellsida, seier Alexander.
– Det er så spennande! smiler Mina.
– I boka forsvinn Mina inn i trollriket der ho møter trolljenta Nikoline som er 367 trollår. Det er cirka 4 menneskeår, fortel Alexander.
Jentene skal saman få menneska til å tru på trolla igjen.
– I dagens asfaltverd har me ikkje lenger tid til å sjå etter eller tru på trolla. Då forsvinn også trollmagien. Det er trolla som passar på balansen i naturen, seier Alexander.
Vil tenna turmagien
Dei to håpar å tenna turmagien hos dei som les boka.
– Mina er den som set fart på alt som er magisk. Ho er viktig for at turen skal bli god! seier pappa Alexander.
– Korfor? spør Mina.
– Du er så heldig at du er eit barn. Eg prøver å læra av deg. Du kan så mykje som eg ikkje kan! Du ser nye ting, utforskar, lærer, lagar rampestrekar og gjer gøye ting. Me vaksne skundar oss ofte for å komme fram, men du lærer oss å stoppa opp. Når du er med på tur, blir turen mykje betre, svarer pappa Alexander.
I dagens asfaltverd har me ikkje lenger tid til å sjå etter eller tru på trolla.

Skianlegg måtte stenga på grunn av manglande snø
Fleire stader i Europa har det vore varmerekordar i januar. Det har mellom anna ført til at mange skianlegg i alpane måtte stenga heisane, på grunn av manglande snø. Fleire bekymrar seg over nok eit teikn på klimaendringane.

Forskarar fann fugl dei trudde var utrydda
Ei svarthalsa fasandue har blitt filma i jungelen på Papua Ny-Guinea. Sist gong lokale folk såg fuglen var på 70-talet og ingen forskarar har observert fuglen sidan 1882, for 140 år sidan.