Malala ber fotballforbundet anerkjenna det afghanske fotballaget for kvinner

Dei kvinnelege afghanske landslagsspelarane er på flukt etter at Taliban tok over makta i landet.

– Utan formell godkjenning frå Fifa kan ikkje laget representera landet sitt, delta i profesjonelle kampar eller få midlane dei treng for å støtta spelarar og stab.

Det skriv Malala Yousafzai og Khalida Popal i eit innlegg på britiske The Guardian.

Fotballspelarar på flukt i Australia

Malala Yousafzai vann fredsprisen etter at ho vart skoten av Taliban fordi ho kjempa for jenter sin rett til utdanning i heimlandet Pakistan. Khalida Popal er tidlegare kaptein på det afghanske fotballandslaget for kvinner.

Neste år er det VM i fotball for kvinner i Australia.

Dei fleste spelarane på det afghanske landslaget for kvinner bur og trenar i Australia. Dei flykta frå heimlandet i Afghanistan i fjor, fordi Taliban tok over makta i landet.

Nektar jenter å gå på skule og spela fotball

Etter at dei tok over makta i Afghanistan i august 2021, har Taliban nekta jenter å gå på skule og å driva med sport. Dei har også kasta kvinner ut frå universitet.

Difor håpar Malala Yousafzai og Khalida Popal at det internasjonale fotballforbundet Fifa vil senda eit signal til Taliban om at jenter og kvinner høyrer heime på jobb, skule og fotballbana.

– Laget håpar å halda fram å utvikla seg og ein dag spela med verdas beste igjen. Mest av alt vil dei gje håp til kvinner og jenter som lever under Afghanistans undertrykkjande patriarkalske regime, skriv dei.


Les også: Malala vil ha jentene tilbake på skulen

Foto: DIFD @ Flickr // CC BY 2.0-lisens