Framtidajunior Visste du at? Seks historiske kvinner som endra verda
Frå venstre: Amelia Earhart. Foto: Library of Congress, CC BY SA 2.0-lisens. Marie Curie. Foto: Okänd/ Ukjend, CC BY 2.0-lisens. Gro Harlem Brundtland. Foto: Harry Wad / CC BY-SA 3.0-lisens. Malala Yousafzai. Foto: DFID - UK Department for International Development, CC BY 2.0-lisens. Mor Theresa. Foto: Manfredo Ferrari, CC BY SA 3.0-lisens. Margareth Knight. Foto: CREDIT PUBLIC DOMAIN Kollasj: Framtida Junior

Seks historiske kvinner som endra verda

I dag er det den internasjonale kvinnedagen. Dagen som vert feira den 8. mars kvart år, vart etablert for å heidre kvinner sine rettar og gi alle stemmerett.

Her kan du bli betre kjent med seks kvinner som har vore med å endra verda slik me kjenner den i dag.

Marie Curie

Marie Curie rundt 1900. Foto: Okänd/ Ukjend, CC BY 2.0-lisens

Marie Sklodowska Cuire vart fødd i 1867 i Polen, og utdanna fysikar. Ho oppdaga dei radioaktive grunnstoffa polonium og radium saman med mannen sin.

Dette gjorde til at ho vart den første kvinnelege vinnaren av Nobelprisen innan naturvitskap, og den første som fekk prisen to gonger. Ho fekk Nobelprisen for fysikk i 1903 og for kjemi i 1911.

Oppdagingane hennar innan radioaktivitet, vart ein grunnleggjande del av korleis menneska forstår korleis eit atom er bygd opp.

Malala Yousafzai

Malala Yousafzai. Foto: DFID – UK Department for International Development, CC BY 2.0-lisens

Malala Yousafzai vart fødd 12. juli 1997. I 2009 byrja ho å blogga om korleis livet var under Taliban, for BBC Urdu.

Den militære ekstremist-gruppa Taliban hadde teke over byen hennar. Dei innført strenge fridomsrøvande reglar for kvinner, la ned jenteskular, tvinga folk til religiøs ekstremisme og innførte halshogging av dei som var imot styresettet deira.

Sidan det var så farleg å uttala seg negativt om Taliban, var ho ein av veldig få som gjorde dette. Bloggen ga Malala mykje merksemd, samstundes som ho også mottok drapstruslar på grunn av den.

I 2012 sat den då 14 år gamle Malala i bussen på veg heim frå skulen, då ein mann skaut ho i hovudet. Taliban sa at dei stod bak, og lova at ho ikkje var trygg dersom ho overlevde. Ho overlevde og heldt fram med arbeidet for utdanning for jenter.

Ho ga ut biografien I Am Malala: The Girl Who Stood Up for Education and Was Shot by the Taliban, og i 2013 vart ho kåra TIME magazine ho til ein av personane i verda med størst påverknadsmakt. I oktober 2014 vann ho Nobels fredspris som den yngste nokon sinne, 17 år gamal.

Mor Theresa

Mor Theresa. Foto: Manfredo Ferrari, CC BY SA 3.0-lisens

Mor Theresa vart fødd 26. august 1910 i Skopje i Makedonia, og vaks opp i ein katolsk familie. Ho har sagt at ho berre var 12 år gamal, då ho fekk eit kall frå Gud om å via livet sitt til å hjelpa dei fattige.

Og det gjorde ho.

Då ho vart 18 år, slutta ho seg til den irske nonneordninga Loretosøstrene og reiste til India for å vera lærar.

20 år etter ho vart lærar, fekk ho eit nytt kall om å reisa frå klosteret og gå ut i slummen og leva saman med dei fattige. Dette førte til at ho to år seinare grunnla Missionaries of Charity, som hjalp dei fattige og sjuke i Calcutta.

Mor Theresa fekk Nobels fredspris for arbeidet sitt i 1979.

Gro Harlem Brundtland

Gro Harlem Brundtland. Foto: Harry Wad / CC BY-SA 3.0-lisens

Gro Harlem Brundtland vart fødd 20. april 1939, og er ein kjend lege og politikar frå Arbeidarpartiet.

Ho var statsministar i Noreg i tre periodar. Først åtte månader i 1981, så frå 1986 til 1989 og igjen frå 1990 til 1996.

Ho var den første kvinnelege statsministeren i Noreg, den første kvinnelege leiaren av Arbeidarpartiet og leiaren av det som vart kalla for verdas første kvinneregjering.

Utanfor Noreg er ho best kjend for å ha vore leiar for Verdskommisjonen for miljø og utvikling, som mellom anna gjorde omgrepet «berekraftig utvikling» kjend. Ho har også vore leiar for Verdas helseorganisasjon (WHO).

Amelia Earhart

Amelia Earhart. Foto: Library of Congress, CC BY SA 2.0-lisens

Amelia Earhart var ein amerikansk flygar og forkjempar for kvinnerettar, som var fødd den 24. juli 1897.

I 1928 var ho den første kvinna som flaug over Atlanterhavet, som passasjer i eit sjøfly som vart flyge av to menn. Flyginga over havet gjorde ho kjend, og i 1932 ville ho gjera det same – men denne gongen åleine.

20.–21. mai 1932 greidde ho det. Flyginga som gjekk frå Harbour Grace i Canada til Londonderry i Nord-Irland, tok 14 timar og 56 minuttar.

Earhart forsvann i Stillehavet ved Hawaii den 2. juli 1937, på ein flytur rundt jorda. Planen var at turen skulle bli verdas lengste samanhengande flytur, men den fekk ein trist slutt.

Margaret E. Knight

Margaret E. Knight. Foto: CREDIT PUBLIC DOMAIN

Margaret E. Knight var fødd den 14. februar 1838.

Som 12-åring slutta ho på skulen, for å tena pengar for familien på ein tekstilfabrikk. Ein dag såg ho ein del frå ein motorisert tekstilvev fly rett i ein av arbeidarane, som vart hardt skada.

For å unngå at dette skulle skje med fleire, fann ho opp ein tryggleiksmekanisme, som automatisk skrudde av straumen på maskina om nokon av delane var lause eller ikkje fungerte. Oppfinninga spreidde seg til tekstilfabrikkar over heile landet og vart ein standard på vevstolar.

Seinare fann ho også opp ein papirpose-maskin, som masseproduserte papirposane me framleis brukar i dag. Før dette brukte ein små treesker til å bera tinga sine.

Ein mann prøvde å ta patent på idéen. Gjennom skisser og planar kunne ho i retten bevisa at det var hennar oppfinning. Ho skal ha søkt om patent på mellom 30 og 80 oppfinningar seinare i livet.

Kjelder:

snl.no, framtida.no, snl.no, snl.no, snl.no, snl.no

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

VIDEOAR