Får ein halv million for å sjå alle VM-kampane midt i New York

No har den amerikanske TV-kanalen Fox Sports utlyst ei stilling som går ut på å sjå alle VM-kampane i ein boks midt på Times Square i New York.

I sommar er det duka for fotball-VM i USA, Canada og Mexico. I samband med dette ser den amerikanske sportskanalen Fox Sports etter ein heilt spesiell tilsett.

Dei vil nemleg lønne ein person nesten ein halv million kroner (50 000 dollar) for å sitte på Times Square og sjå alle fotballkampane under VM, skriv NTB.

Times Square er ein open plass midt i den amerikanske storbyen New York. Her er det alltid fullt av menneske, liv, ljos og store TV-skjermar.

Ein historisk sommarjobb

Personen som får stillinga omtalt som Sjef for VM-sjåing, skal sitte i eit gjennomsiktig glasbur. Då er personen synleg for alle som fartar rundt på travle Times Square.

Jobben varar i 39 dagar. Han startar med kampen mellom Mexico og Sør-Afrika 11. juni og varer fram til finalen 19. juli.