Fotball-ligaer
- UEFA Champions League: ei fotballturnering for dei beste fotballklubbane i Europa.
- UEFA Nations League: ei europeisk fotballturnering for herrelandslag.
- Premier League: den øvste fotballigaen i England.
- Bundesliga: den øvste fotballigaen i Tyskland.
Nyleg overrekte Guinness World Records fire verdsrekordbevis til Erling Braut Haaland. Det var på Etihad Stadium, heimen til Haaland sitt klubblag Manchester City, at fotballstjerna mottok dei fire bevisa.
– Med Erling verkar det som at rekordane aldri er langt unna. Vi gler oss til å sjå kva han gjer vidare, seier Tom Beckerlegge frå Guinness World Records i ei pressemelding.
I oktober kjem Guinness World Records 2027: Fotballutgaven der Erling Braut Haaland er ei av fotballstjernene som prydar framsida.

Haaland har teke tre andre verdsrekordar i tillegg til dei han nyleg mottok verdsrekordbevis for. Dette er fotballspelaren sine verdsrekordar så langt i karrieren (det er punkt 1, 2, 5 og 7 Haaland tok imot verdsrekordbevis for tidlegare i august):
1Raskaste til 100 Premier League-mål: 111 kampar
2. desember 2025 scora Haaland sitt 100. Premier League-mål etter 111 kampar. Haaland slo Alan Shearer, som scora 100 mål på 124 kampar og sette verdsrekord i 1995.
2Flest mål i ein Premier League-sesong: 36 mål
I løpet av Haaland sin første sesong i Manchester City (2022/2023) scora han 36 mål og sette med det verdsrekorden for flest mål i løpet av ein Premier League-sesong. Liverpool-spelaren Mohamed Salah hadde den førre verdsrekorden med 32 mål i 2017/2018.
3Flest mål i ein debutsesong i Premier League: 36 mål
Haaland sin prestasjon i Premier League-sesongen 2022/2023 resulterte i fleire verdsrekordar: Med sine 36 mål blei han den fotballspelaren som har scora flest mål i løpet av sin første sesong i Premier League.
4Høgaste målsnitt for ein vinnar av Premier League Golden Boot: 1,02 mål per kamp
Premier League Golden Boot er prisen som kvart år blir delt ut til spelaren som scorar flest mål i løpet av ein Premier League-sesong. Med 36 mål på 35 kampar i debutsesongen 2022/2023 fekk Haaland Premier League Golden Boot og sette ny verdsrekord når det gjeld talet på mål per kamp for ein vinnar av denne prisen.
5Flest mål i UEFA Nations League: 19 mål
Mellom september 2020 og november 2024 scora Haaland 19 mål i UEFA Nations League. Han slo med det den førre verdsrekorden på 15 mål, som var sett av portugisiske Cristiano Ronaldo.
6Raskaste hat-trick i ein Bundesliga-debut: 19 minutt og 48 sekund
Eit hat-trick betyr at ein fotballspelar scorar tre mål i løpet av ein og same kamp. Det var under ein kamp for Borussia Dortmund i januar 2020 at Haaland scora tre mål på 19 minutt og 48 sekund.
7Flest mål i ein UEFA Champions League-kamp: 5 mål
14. mars 2023 scora Haaland fem mål i løpet av éin Champions League-kamp mot RB Leipzig. Denne verdsrekorden deler Haaland med argentinske Lionel Messi og brasilianske Luiz Adriano.






















