Simon sine beste tips til born som ikkje les

Simon (14) les ikkje så mykje. Men han kan sluke ein bokserie innanfor science fiction eller fantasy. Rådet hans er å finne ein sjanger som du er interessert i.

– Å lese kan vere veldig lærerikt, og det kan hjelpe deg på skulen, til dømes med tekstoppbygging, seier Simon Cabot.

Han les ikkje så mykje i kvardagen. Han skulle ønske han las fleire bøker, men han har ikkje så mykje tid. Han driv med mykje anna på fritida, og føretrekker aktivitetar der han beveger kroppen.

– Men mellom aktivitetane kan det vere ganske gøy å lese ei bok, seier han.

Bra å lese

Simon trur at mange ungdommar er redde for å kaste bort tida, eller at dei ikkje vil like boka dei les. Han seier at han må leite lenge for å finne ei bok han har lyst til å lese.

Likevel trur han det er bra å lese meir. Og han synest at lærarar burde lese meir til elevane sine. På skulen hans er det sett av éin time i veka til lesing. Då kan elevane lese for seg sjølve, eller så les læraren høgt for elevane.

– Det kan vekke interesse hos elevar som tenker at dei ikkje likar å lese. Og så kan det gi inspirasjon til dei som allereie les, meiner Simon.

Gode tips

Simon likar best å lese science fiction, krim og fantasy, og han er oppteken av at boka er godt skrive. Han liker bøker som har eit mysterium, der hovudpersonen må stoppe opp og tenke.

Han har nokre tips til dei som ikkje les så mykje, men som gjerne vil lese meir:

– Snakk med folk som allereie les, og spør dei om tips, føreslår han.

– Eller gå på biblioteket og finn ein sjanger som du kan like.

Sjølv ønsker han seg bøker til jul i år. Nærmare bestemt ei illustrert bok om immunforsvaret.



3 bokseriar som Simon tipsar om:

William Wenton-serien
av Bobbie Peers

Desse sci-fi-bøkene handlar om 12 år gamle William som oppdagar at han er den beste kodeknekkaren i verda. Bøkene inneheld kodeknekking, robotar og mysterium. Det er seks bøker i serien.

 

 

 

Charlie Drømmevandrer-trilogien
av Svein Tindberg

I denne serien møter vi Charlie, som oppdagar at draumane hans vert skumlare og meir verkelege. Bøkene har spenning, fantasi og ein snakkande ulv.

 

 

 

Villheks-serien
av Lene Kaaberbøl

I desse seks fantasybøkene følger vi Clara, som trudde ho var ei heilt vanleg jente, i forsøket på å bli ei ekte villheks. Utover i serien får ho stadig nye utfordringar. Bøkene inneheld hekser, dyr og natur.



 


Skjermdump: lesedigg.no