Kva er kryptovaluta?
Kryptovaluta er i teorien ein type digitale pengar. Det finst altså ingen krypto-kontantar. Det er pengar som berre eksisterer på internett.
Kronene du har på ein konto og betalar med kort er kopla opp mot ein bank. Det er ikkje kryptovaluta.
Det skal difor fungere som ein slags desentralisert valuta.
«Pengane» eksisterer med andre ord utanfor kontrollen til ein stat.
Kvifor eksisterer kryptovaluta?
Det er fleire grunnar til at folk har lyst på eit digitalt og desentralisert pengesystem.
Nokre stoler ikkje på landet dei bur i, og kryptovaluta gjer det enklare å unngå statleg kontroll.
Verdien av spesifikke valutaer er også avhengige av den marknaden han er knytt til. Ei norsk krone vil svinge opp og ned i verdi, avhengig av korleis det går med den norske økonomien. I teorien unngår ein dette problemet med kryptovaluta.
Kva er kritikken av kryptovaluta?
Mange er skeptiske til kryptovaluta av forskjellige grunnar:
- Svindelforsøk
Kryptovaluta er ganske nytt, og mange har ikkje oversikt over kva dei faktisk kjøper når dei kjøper kryptovaluta. Det fører til svindelforsøk. Eit døme er at folk blir overtalt til å investere på det dei trur er ein kryptobørs. Så viser det seg at pengane går rett i lomma på kriminelle. - Ikkje miljøvenleg
Sjølv om noko berre eksisterer digitalt, krev det likevel ressursar. Eit døme er korleis ein får tak i nye bitcoin. Dersom ein ikkje skal kjøpe dei, må ein ha ei datamaskin som gjer komplekse reknestykke over tid. I nokre tilfelle bruker det meir straum enn det ein kan tene på nye bitcoin. Det å betale med kryptovaluta er også ressurskrevjande. I 2019 brukte bitcoin 1200 gongar meir energi for ein transaksjon enn ein vanleg bank. - Kriminalitet
Desentraliserte «pengar» som staten ikkje kan spore på ein enkel måte, tiltrekk seg kriminelle. Det at verdien er ustabil, gjer det veldig praktisk for dei som vil kvitvaske pengar dei har tent ulovleg.
- Les også: Kva er greia med statsbudsjettet?