Kort forklart: Kva er greia med statsbudsjettet?

Torsdag 6. september la regjeringa fram sitt forslag til korleis dei skal bruke pengar. Her får du statsbudsjettet kort forklart.

Det å lage statsbudsjett er den viktigaste politiske hendinga i løpet av eit år. Budsjettet er det som styrer kor mykje pengar staten Noreg brukar på forskjellige ting.

Dei fleste av pengane kjem frå skatt som folk betalar, og er det som betalar for tenester vi får av staten og kommunane. Det kan vere ting som skular, sjukehus, vegar og pengar til dei som ikkje kan arbeide.

Når politiske parti pratar om kva slags saker som er viktige for dei, er det i statsbudsjettet dei kan vise fram korleis dei prioriterer.

Ikkje fritt fram

Kva partia vil prioritere er forskjellig.

  • Miljøpartiet Dei Grøne vil til dømes at det skal brukast meir pengar på klimatiltak.
  • Kristeleg Folkeparti vil ofte ha meir pengar til bistand.
  • Framstegspartiet vil gjerne at vegar skal bli fullstendig betalte av staten, for å kvitte seg med bompengar.
Statsminister Jonas Gahr Støre. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Likevel går det ikkje an å gjere kva som helst med statsbudsjettet.

Ein statsminister kan ikkje utan vidare kutte ut alle pengane som går til å betale sjukepleiarar på sjukehus, eller seie at ingen får betalt ut pensjon det året. Veldig mykje av statsbudsjettet er faste postar, som må bli betalt for, uansett.

Berre eit par prosent kan flyttast på av regjeringa. Likevel er det mykje pengar, når budsjettet er på over 1500 milliardar kroner.

Det er heller ikkje fritt fram med kva pengar staten kan bruke. Statsbudsjettet blir for det meste betalt av skattepengar. Nokre pengar kjem også frå Statens pensjonsfond, også kalla oljefondet.

Dette er pengane Noreg har tent på olje. Staten har ikkje lov til å bruke meir enn 3 prosent av overskotet som fondet tenar i året på statsbudsjettet.

Tidsline

Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett blir alltid lagt fram i oktober, og budsjettet må vere vedteke innan midten av desember.

Etter budsjettet er lagt fram, blir det diskutert av partirepresentantane på Stortinget. Eit fleirtal av desse må stemme for budsjettet for at det skal bli vedteke og brukt. Regjeringspartia må difor bruke tida fram til desember på ein god måte.

Forhandlingar

Når partia som er i regjeringa har eit fleirtal av representantane i Stortinget, er det ganske enkelt å få gjennom statsbudsjettet. Dersom dei ikkje har det, må dei forhandle med dei andre partia.

Akkurat no har vi ei mindretalsregjering.

Det er Arbeidarpartiet (Ap) og Senterpartiet (Sp) som er i regjering i 2022. Dei kan ikkje berre køyre gjennom det dei vil, men må få hjelp av andre parti for å få fleirtal i Stortinget.

I teorien kan regjeringa samarbeide med alle parti for å få fleirtal, men i dei aller fleste tilfelle vil Arbeidarpartiet og Senterpartiet samarbeide med Sosialistisk Venstreparti (SV).

SV har nok representantar til å gjeve Arbeidarpartiet og Senterpartiet fleirtal på Stortinget. Partia har samarbeidd før, og har lik politikk på nokre område.