Er dette Marcus eller Martinus?

Etter hint om Spellemannsprisen, brunost og elektrisitet, har spekulasjonane vore mange.

Etter berre ein episode av den svenske versjonen av «Maskorama», har fleire publikumarar allereie bestemt seg for at Spelmannen må vera norsk.

Kan det vera Marcus eller Martinus som gøymer seg bak maska? Eller begge to? Du kan sjå videoen av framføringa lenger nede i saka.

– Me som har doktorgrad i Marcus & Martinus, høyrer godt at det må vera Marcus Gunnarsen (20), skriv nettstaden 730.no.

Marcus & Martinus, her på «Allsang på grensa» i 2021. Foto: Thomas Andersen / TV 2

Zlatan eller Marcus & Martinus?

Dei svenske dommarane var frå seg av begeistring då Spelmannen framførte den populære Ed Sheeran-låten «Thinking out loud».

– Så bra han syng, seier dommar og skodespelar Felix Herngren.

Ingen av dommarane tippa at det var Marcus eller Martinus som er inne i kostymet. Derimot tippa dei på skodespelar Adam Pålsson, artist og skodespelar Felix Sandman, artist Victor Leksell, YouTube-stjerne PewDiePie og fotballspelar Zlatan.

Heldigvis måtte ikkje Spelmannen ta av seg maska førre veke, så det er framleis spennande å sjå om det kan vera ein – eller begge deltakarane i den norske duoen som er med i svenske «Maskorama».

Er dette Marcus eller Martinus?