Alina (10) vann 2. plass med Mase-Mamma

Alina Lyssand Oseth frå Kuventræ skule vann 2. plassen i teiknseriekonkurransen til Framtida Junior og Foreningen Les.

Del meiningane dine!

Er det noko du synest er urettferdig, spesielt bra eller noko andre kan læra av? Du er ekspert på å vera ung, og du kan bli høyrt viss du får fram meininga di. Her på framtidajunior.no kan du skriva om det som er viktig for deg. Send lesarbrev til junior@framtida.no

LES FAKTALUKK FAKTA

– Då mamma fortalte meg at eg hadde fått 2.plass i teiknekonkurransen blei eg veldig overraska, samtidig som eg blei kjempeglad, fortel Alina Lyssand Oseth.

Ho vann i konkurranse med nesten 200 andre bidrag frå heile Noreg. Premien er ein bokpakke, avis og t-skjorte frå Framtida Junior.

Inspirert av mammaen

– Eg er inspirert av mammaen min, fortel Alina Lyssand Oseth.

– Eg synest det er veldig søtt og morosamt når mamma masar på meg om at eg må hugsa ulike ting, og så gløymer ho plutseleg ting sjølv. Sjølv om ho masar av og til, og eg blir litt irritert, så er eg fortsatt veldig glad i mamma, understrekar ho.

 – Elskar å teikna

Fjerdeklassingen på Kuventræ skule elskar å teikna og bruker masse tid på teikning.

– Eg synest det er veldig gøy å teikna fordi då kan eg fantasera så mykje eg vil og det er ingen ting som er feil.

Ho vil fortsetja med å laga teikneseriar sidan ho synest det er så gøy.

Skryt frå juryen:

«Mase-mamma er ein hovudperson som både er attkjenneleg og original på same tid. Serien har ein sjarmerande stil med fine fargar og figurar», skriv jurymedlemmane Arild Torvund Olsen, forfattar Steffen Sørum og teikneserieskar Ida Eva Neverdahl.