Solsikka er Ukraina sin nasjonalblome – men kvifor?

Solsikka er Ukraina sin nasjonalblome. Etter at Russland invaderte nabolandet, er den blitt eit symbol på håp og motstand.

GIF: https://giphy.com/

Solsikka er eit typisk teikn på godt vêr og sommar i Noreg. Men visste du at den majestetiske blomen er nasjonalblomen til Ukraina? Og at landet er verdas største eksportør av solsikker og solsikkeolje?

At akkurat den vart så populær i Ukraina, skjedde ifølgje titan.uio.no grunna litt flaks.

I den ortodokse kyrkja var det nemleg forbod mot å eta planter og blomar som var rike på feitt under fasten, men dei gløymde å leggja til solsikka på lista. For den er ikkje berre fin å sjå på, men frøa frå den kan nemleg nyttast til mat for både menneske og dyr. Dei kan også pressast, slik at me får solsikkeolje, ifølgje Store Norske Leksikon.

Derfor starta alle i Ukraina å eta frøa – og vips vart blomen ein del av kvardagen og kosthaldet deira. Litt etter litt starta folket å dyrka planten over heile landet. 

Symbol på håp og motstand

Etter at Russland invaderte Ukraina for 19 dagar sidan, har solsikka, eller Helianthus annuus som den eigentleg heiter, fått ei ny tyding. Den er blitt sjølve symbolet på håp og motstand, skriv titan.uio.no. 

Dei skriv om nyheiter i forskinga innanfor realfag og teknologi, og har snakka med Charlotte Sletten Bjorå ved Naturhistorisk museum. Ho meiner at Ukraina ikkje kunne valgt eit betre symbol enn solsikka.

– Den står for lojalitet, optimisme, seier ho til titan.uio.no. 

Den har også historie som symbol mot atomvåpen, då den er god til å trekkja opp tunge metall frå bakken, og slik sett kan rensa jorda.

Les også: Kva betyr dei vanskelege orda i Ukraina-krigen?