Kva betyr dei vanskelege orda i Ukraina-krigen?

I forbindelse med Ukraina-krigen, er nyheitene fulle av vanskelege og framande ord og uttrykk. Men kva betyr dei eigentleg?

Lurer du på kva som er bakgrunnen for Ukraina-krigen, kan du lesa denne saka. 

Natt til torsdag gjekk Russland til krig mot Ukraina, og mange synest at det er vanskeleg å henga med på det som skjer. Mykje av grunnen til det, er bruken av vanskelege ord og uttrykk.

Me forklarar nokre av dei.

Vladimir Putin

Vladimir Putin (fødd i 1952) er presidenten i Russland. Han kom til makta som president i 1999. Tenk at han vore landet sin president og statsminister i over 22 år!

Han er kjent for sitt steinansikt, og det blir sagt at han skal vera svært oppteken av korleis han blir framstilt.

Som president i Russland er Putin landets øvste leiar.

Volodmyr Zelenskyj

Volodymyr Zelenskyj er president i Ukraina. Det har han vore sidan 2019. Zelenskyj har russisk som morsmål og jødisk bakgrunn. Før han blei president i landet, var han kjent som skodelspelar, komikar og programleiar. Han er òg utdanna jurist.

I 2017 danna han partiet «Folkets tener», som også er namnet på serien der han spelte nettopp ukrainsk president.

Kreml

Ein kreml er ei russisk borg frå mellomalderen. Alle dei viktigaste byane i Moskva-riket hadde ein kreml. Den viktigaste av desse borgene er Kreml i Moskva, som er frå 1400-talet.

Kreml er også eit ord som blir brukt for å omtala den russiske regjeringa.

Kiev/Kyiv

Du har kanskje lagt merke til at norske medium plutseleg skriv om byen Kyiv i Ukraina. Det er den same byen som me også kallar Kiev, og er den ukrainske hovudstaden.

Grunnen til at det er to ulike stavemåtar, er at den eine er den norske måten å skrive det ukrainske namnet på, medan den andre er den norske måten å skrive det russiske namnet.

Mange plassar i Ukraina har nemleg to namn, eit ukrainsk og eit russisk. Vi har ofte brukt det russiske, men no vil Ukraina at me brukar det ukrainske.

«Vesten»

«Vesten» er eit samlande omgrep for landa vest i Europa, Nord- og Sør-Amerika, Australia og New Zealand. Desse landa har liknande kultur, religion osv.

Nato

Nato er ein av verdas viktigaste organisasjonar. Det er ein forsvarsorganisasjon. Han vart skipa i 1949, med mål om å verna medlemslanda politisk og militært. Dei 30 landa som er medlem av Nato, har lova å hjelpa til dersom nokon går til åtak på dei andre.

Noreg er eitt av landa som er med i Nato, og vår tidlegare statsminister Jens Stoltenberg har vore generalsekretær sidan 2014. Ukraina er ikkje medlem av Nato.

Folkerett

Medan Noregs lover bestemmer kva menneska kan og ikkje kan gjera medan dei er i Noreg, bestemmer reglane i folkeretten kva statar kan og ikkje kan gjera.

Slik sett er målet med folkeretten å passa på korleis dei ulike statane i verda held seg til kvarandre.

Då Russland invaderte Ukraina, braut dei altså folkeretten.

Annektering

Å annektera betyr at ein stat tek over eit område i eit anna land og gjer det til sitt eige, sjølv om ein ikkje har lov til det.

Invasjon

Ein invasjon er når militære styrker frå eit land tek seg inn på eit område som høyrer til eit anna land. Dette kan skje både på land, frå sjøen og gjennom lufta.

Krimhalvøya

Krim er ei halvøy ved nordkysten av Svartehavet. Ho var ein del av Ukraina, men ein autonom republikk i Ukraina. Det vil seie at dei hadde eit eige parlament, sjølvråderett og spesielle rettar. Men i 2014 innlemma Russland Krim i sitt rike, noko som var ulovleg.

På Krimhalvøya bur det russarar, ukrainarar og tatarar. Om lag 60 prosent er russarar.

Tryggingsrådet i FN

FN sitt tryggingsråd skal hindra at det bryt ut væpna konflikt når det oppstår ein trussel mot internasjonal fred og sikkerheit.

Det er vanleg at Tryggingsrådet samlar partane i konflikten til samtalar. Om samtalar ikkje fører fram, kan dei vedta at FN skal gripa inn anten gjennom sanksjonar eller med militær makt.

Sanksjon

Ein sanksjon er ein negativ eller positiv reaksjon på det nokon gjer. I krig er sanksjonar ei slags straff for å få til endringar. Sanksjonane kan vera økonomiske eller politiske.

Eit eksempel på ein sanksjon, er at president Joe Biden har bestemt at ei rekkje medlemmar av den russiske eliten blir nekta innreise til USA.

Unntakstilstand

Unntakstilstand betyr at dei vanlege lovene i eit land blir sett ut av kraft. Dette er ein krisetilstand, som normalt sett blir nytta i krig.

Atomvåpen

Atomvåpen, også kalla atombombe eller kjernefysiske våpen, er den kraftigaste våpentypen i verda. Ei vanleg, stor bombe kan ha ei sprenglading på 10 tonn TNT. Frå atomvåpen kan sprengladinga svare til fleire tusen eller fleire millionar tonn TNT, ifølgje SNL.

Det er ni land me veit har atomvåpen: USA, Russland, Kina, Frankrike, Storbritannia, Pakistan, India, Israel og Nord-Korea. Russland og USA har flest med over 5000 atomvåpen kvar.

Kjelder: FN, VG, Wikipedia, NATO, SNL

Er det nokre andre vanskelege ord frå Ukraina-krigen du lurer på? Skriv dei til oss i kommentarfeltet.