Den kinesiske nyttårsfeiringa er i gang – i kva teikn er du fødd?

Millionar av menneske kjem til å feira kinesisk nyttår no i byrjinga av februar, når me går frå oksen til tigeren sitt år. Men veit du kva teikn du er fødd i?

Den kinesiske nyttårsfeiringa er eit av årets største høgdepunkt for mange menneske i Aust- og Søraust-Asia. Sjølv om feiringa er mest utbreidd i desse områda, vil ho likevel prega lokalsamfunn over heile verda.

I 2022 starta festivalen 1. februar, og den kjem til å vara i 16 dagar, før den endar med ein stor lanterne-festival (元宵节). Menneska samlast for å eta masse god mat, sjå på fyrverkeri og ulike show, kle seg opp i sin finaste stas og dekorera og markera hendinga med raude lykter, skriv The Conversation.

Les også: Har du nyttårsforsett for 2022?

Avhengige av månen

Grunnen til at den kinesiske nyttårsfeiringa fell på denne tida, er fordi det er det nye måneåret som blir markert. Sidan det er avhengige av månen, kan den faktiske datoen for feiringa variera litt frå år til år. Likevel vil det alltid skje ein gong mellom 21. januar og 20. februar, skriv BBC.

I store delar av Aust- og Søraust-Asia brukar dei nemleg den kinesiske kalendaren for å markera dei tradisjonelle helgedagane, slik som mellom anna kinesisk nyttår. Sett vekk frå helgedagane, nyttar dei den gregorianske kalenderen, slik som oss i Noreg. Den startar alltid 1. januar.

Kva år er du fødd i? Foto: Colourbox

Tigerens år

I år markerer feiringa at me går frå oksens til tigerens år. 

Tigeren er det tredje dyret i den 12-årige syklusen av kinesiske stjerneteikn.

The Conversation skriv at mellom anna Dronning Elizabeth II, Leonardo DiCaprio, Tom Cruise og Lady Gaga er kjendisar som er fødde i tigerens år.

Kva år er du fødd i?

Er du fødd i 2017, 2005, 1993, 1981, 1969, 1957, 1945 eller 1933?

  • Då er du fødd i hanens år. I kinesisk kultur er hanar symbolet på gode nyheiter, og folka som er fødd i hanens år er ærlege og hardtarbeidande.

Er du fødd i 2016, 2004, 1992, 1980, 1968, 1956, 1944, 1932 eller 1920?

  • Då er du fødd i apekattens år. I kinesisk kultur blir apekattar sett på som veldig rampete. Folk som er fødd i apekattens år er flinke og har mange venner.

Er du fødd i 2015, 2003, 1991, 1979, 1967, 1955, 1943, 1931 eller 1919?

  • Då er du fødd i geitas år. I kinesisk kultur er geita eit symbol på fred og kjærleik. Folk som er fødd i geitas år er kunstnariske og omsorgsfulle.

Er du fødd i 2014, 2002, 1990, 1978, 1966, 1954, 1942, 1930 eller 1918?

  • Då er du fødd i hestens år. I kinesisk mytologi var hesten ein overnaturleg skapning som kunne flyga. Folk som er fødd i hestens år er veldig hardtarbeidande og uavhengige.

Er du fødd i 2013, 2001, 1989, 1977, 1965, 1953, 1941, 1929 eller 1917?

  • Då er du fødd i slangens år. I kinesisk kultur er slangen eit symbol på lykke. Folk som er fødd i slangens år er smarte og sjarmerande.

Er du fødd i 2012, 2000, 1988, 1976, 1964, 1952, 1940 eller 1928?

  • Då er du fødd i drakens år. I kinesisk kultur er draken eit symbol på styrke og hell. Folk som er fødd i drakens år er artige, og dei elskar eventyr.

Er du fødd i 2011, 1999, 1987, 1975, 1963, 1951, 1939 eller 1927?

  • Då er du fødd i kaninens år. I kinesisk kultur er kaninen symbolet på håp. Dei som er fødd i kaninens går er omgjengelege og har mange venner.

Er du fødd i 2010, 1998, 1986, 1974, 1962, 1950, 1938 eller 1926?

  • Då er du fødd i tigerens år – og 2022 er året ditt! I kinesisk kultur vert tigeren rekna som å vera veldig smart og imponerande. Folk som er fødd i tigerens år har gode leiareigenskapar og er veldig modige.

Er du fødd i 2009, 1997, 1985, 1973, 1961, 1949, 1937 eller 1925?

  • Då er du fødd i oksens år. I den kinesiske kulturen er oksen rekna som å vera påliteleg. Folk som er fødd i oksens år er gode leiarar og veldig flinke til å laga ting.

Er du fødd i 2008, 1996, 1984, 1972, 1960, 1948, 1936 eller 1924?

  • Då er du fødd i rottas år. I kinesisk kultur vert rotta rekna som eit smart og utspekulert dyr. Folk som er fødd i rottas år er sjarmerande, kreative og veldig sjenerøse.

Er du fødd i 2007, 1995, 1983, 1971, 1959, 1947, 1935 eller 1923?

  • Då er du fødd i grisens år. I kinesisk kultur representerer grisen lykke. Folk som er fødd i grisens år er vennlege og rolege.

Er du fødd i 2006, 1994, 1982, 1970, 1958, 1946, 1934 eller 1922?

  • Då er du fødd i hundens år. I kinesisk kultur blir hundar sett på som hell for framtida. Folk som er fødd i hundens år er lojale og ærlege.