No feirar dei 農曆新年! – kinesisk nyttår!

I følgje ei gamal legende var det uhyret Nian som vart sjølve årsaka til at folk feirar nyttår. Kinesarane fann nemleg ut at uhyret blir skremt av fargen raud og lyden av fyrverkeri.

I den gamle legenda er nemleg Nian eit skummelt uhyre som kan liste seg lydlaust inn i folk sine hus. Difor måtte menneska skremme han vekk, og det var denne skremminga med raud røyk, eksplosjonar og høge lydar som førte til den første feiringa av kinesisk nyttår.

I Noreg startar alltid det nye året 1. januar, men i Kina er det månen sin plassering som bestemmer kva tid det nye året startar. Det kan variere mellom 21. januar og 20. februar.

Kinaputtar

Nyttårsfesten vert heldt på nyttårsaftan, medan nyttårsdagen handlar om besøk frå vener og familie. Midnatt vert fyrverkeriet sendt til himmels, og dei brukar også kinaputtar. Dei et som regel fisk til middag, og barna får ein raud konvolutt med noko spanande i.

Det er ikkje berre kinesarar som feirar. Dette er også ein stor helligdag for mongolar, koreanarar, vietnamesarar og hmong som er ei folkegruppe i Asia.