Boris Johnson er i hardt vêr

Statsministeren i Storbritannia har måtta stått til ansvar for handlingane sine den siste tida.

Den britiske statsministeren, Boris Johnson, er i hardt vêr om dagen. Denne veka blir viktig for om han får halda fram som statsminister, eller må pakka sekken sin og flytta ut frå statsministerboligen i Downing Street.

Grunnen er at han blir anklaga for løgn og for fleire brot på koronareglane i Storbritannia, skriv VG.

Les også: Statsminister Erna Solberg må betala 20.000 kroner i koronabot

«Partygate»

Først vart det hevda at han arrangerte ein julefest under lockdown før jul 2020. Men så har det vist seg at dette faktisk handlar om ei rekkje festar.

Desse inkluderer to festar som vart arrangert på kvelden før gravferda til Dronning Elizabeth sin ektemann, og minst ein til som Johnson sjølv har innrømma å ha vore til stades på.

Kvinna som skal granska Johnson og den interne skandalen, som har fått namnet «Partygate», heiter Sue Gray. Ifølgje The Guardian kjem ho til å vera «rettferdig» men også «nådelaus», og ho kjem ikkje til å ta lett på at det er snakk om brot på koronareglane. I alle fall ikkje når det er snakk om at det er statsministeren har brote koronareglane – reglar som han sjølv har laga.