Statsminister Erna Solberg må betala 20.000 kroner i koronabot

Statsministeren må betale for å ha brote sine eigne reglar.

Statsministeren fekk bot på 20.000 kroner fordi ho var med på å planleggja ein restaurantmiddag på Geilo, der 13 familiemedlemmar deltok. Erna sjølv måtte til behandling for eit auge i Oslo, men hadde planlagt å delta på feiringa av at ho fylte 60 år.Ifølgje koronareglane kunne berre 10 personar samlast.

I tillegg arrangerte Erna familieselskap i leiligheta ho og ektemannen hadde leigd dagen etter restaurantbesøket. Då var 14 personar frå ulike husstandar samla.

– Som eg sa då me offentleggjorde dette, viss politiet kjem til at eg har brote reglane, vil eg godta og betala bota, har Erna Solberg uttala til VG.

– Landets fremste tillitsvalte

Politimester Ole B. Sæverud i Sør-Øst politidistrikt kunngjorde under ein pressekonferanse tidlegare fredag at «lova er like for alle, men alle er ikkje like».

– Solberg er landets fremste tillitsvalte, og har ved ei rekkje høve fronta avgjerslene til regjeringa om tiltak for å motverka pandemien. Det blir derfor vurdert som rett å reagera med straff, for å halda oppe tilliten til publikum til smittevernreglane, sa han.

Det betyr at Erna må betale bot, slik at me som bur i Noreg kan ha tillit til at politiet gir lik  straff til alle – også til statsministeren dersom ho gjer noko gale. Statsministeren kan ikkje bryta sine eigne råd og reglar som ho pålegg oss andre.