Forskarar jobbar med ein tyggis som skal forhindre koronasmitte

Tyggisen skal redusere smittefaren gjennom å nøytralisere viruset i spyttet.

Denne saka var først publisert hjå Framtida.

Forskarar i Pennsylvania jobbar med å utvikle eit nytt alternativ for å motarbeide koronasmitte, nemleg ein tyggegummi. Tyggisen smakar kanel og skal ha konsistens som ein vanleg tyggegummi.

Oppfinninga skal minske risikoen for smitte gjennom å redusere mengda virus i spyttet.

Det var Forskning.no som omtalte saka først.

Inneheld protein frå plantar

Forskningsprosjektet er enno i ein tidleg fase og har brukt spyttprøver frå koronapasientar for å utvikle oppfinninga.

Tyggisen skal innehalde eit protein frå plantar som nøytraliserer viruset.

Morosam idé

Fridtjof Lund-Johansen er lege og forskar på Rikshospitalet. Han seier til Forskning.no at han synes idéen er morosam. Likevel trur han ikkje tyggisen kjem til å fungere fordi dråpene vi sender ut når vi pustar, nys og hostar kjem frå andre stader i kroppen enn berre munnhulen.

Men han trur kanskje ein slik tyggis kan funke betre på andre smittsame sjukdomar.