Ny variant av koronaviruset: Dette veit me om «Omikron»

 Dei siste vekene har verda blitt introdusert for ein heilt ny variant av koronaviruset. Varianten det er snakk om, har fått namnet «Omikron».

«Omikron» vart for første gong oppdaga i Sør-Afrika i midten av november, skriv TV 2.

No jobbar forskarane på spreng for å finna ut så mykje som mogleg om den nye varianten, som er annleis enn dei andre me har sett til no.

Omikron har nemleg meir enn 50 mutasjonar og over 30 av dei er i piggane til viruset.

Meir smittsam

Dei sørafrikanske forskarane har meldt at Omikron er mykje meir smittsam en Delta-versjonen som regjerer i Noreg og resten av verda no.

Anne von Gottberg som jobbar ved det sørafrikanske folkehelseinstituttet, opplyste nyleg om at omikron-varianten på kort tid har tatt over i provinsen Gauteng, skriv NRK.

– Me ser no flere smittetilfeller blant folk som er vaksinerte og som tidlegare har gått gjennom sjukdommen, enn det me hadde venta, seier ho på ein pressekonferanse.

Har spreidd seg til Noreg

Det tok ikkje lang tid før Omikron-varianten spreidde seg til store deler av verda.

I Noreg er det registrert fleire positive Omikron-testar, og i Oslo er det eit stort utbrot som følgje av smitte på eit julebord for voksne. Ein eller fleire av deltakarane der hadde nyleg vore på ein tur til Sør-Afrika.

Sjølv om denne mutasjonen er meir smittsam, veit me enno ikkje nok om den er farlegare enn Delta-varianten. Tina Ravlo, som er assisterande bydelsoverlege i Frogner bydel i Oslo, seier til NRK at dei som er smitta der har milde symptom.

– Ein kan godt føla seg litt klein, ha hoste og feber og slik, men det er ingen av dei smitta som har blitt alvorleg sjuke, seier ho.

Les også: Kva er koronaviruset?