Kva er koronaviruset?

Koronaviruset er eit smittsamt lungevirus som smittar gjennom hoste og nysing og spreier seg raskt. Kina er hardast råka, men viruset har spreidd seg til Europa - også Noreg. Mange av dei omkomne var eldre eller hadde svak helse før dei blei smitta og sjuke.

Kvar kjem viruset frå?

Viruset blei fyrst opdaga i byen Wuhan i Kina, skriv NRK.

Ein trur at viruset kjem frå dyr. Men kva for dyr som har skulda er usikkert. Mest truleg kjem smitta frå slangar, flaggermus, grevlingar eller rotter.

Kva er eit koronavirus?

Når ein ser på viruset gjennom eit mikroskop ser ein at viruset er rundt og er dekka med piggar, som kan sjå ut som ei krone. Derfor namnet Koronavirus.

Viruset kan føre til luftvegsinfeksjonar. Det finst ikkje vaksine til viruset.

Kor farleg er det?

Av dei som er smitta er det varierte symptom. Nokre merkar lite, medan andre har blitt alvorleg sjuke og døde.

Mange av dei omkomne var eldre eller hadde svak helse før dei blei smitta og sjuke.

Korleis smittar viruset?

Viruset smittar gjennom dråpesmitte. Det vil seie gjennom til dømes hosting og nysing.

Derfor er det viktig at vi vaskar oss godt på henda.

Dekk nasen og munn om du hostar eller nys. Enten i eit lommetørkle eller i olbogen.

Unngå kontakt med andre som har influensa.

Skal du ete egg og kjøt må dette vere gjennomstekt eller gjennomkokt.

Unngå kontakt med ville dyr eller gardsdyr du ikkje kjenner.

Situasjonen i Noreg

Det er smitta personar i Noreg. Ein del personar som har vore ute og reist, særleg i Kina og Italia, sit i karantene. Det vil seie at dei held seg heime for å hindre eventuell smitte.

Helsepersonell i Noreg er flinke og jobbar med å hindre at viruset spreier seg.