«Menneskemordaren» har bite fleire hundre personar

Meir enn 500 personar har blitt bitne av skorpion i Egypt den siste tida. Skorpionane har komme fram frå gøymeplassane sine etter ein stor storm.

Førre helg vart den sør-egyptiske provinsen Aswan ramma av eit sjeldan dårleg vêr. Guvenør Ashraf Attia har uttalt til lokale medium at tre personar omkom grunna mykje regn, hagl og torevêr i området, skriv The Guardian.

Men som om ikkje det var nok – vêret har også ført til at skorpionane i området har blitt tvinga ut av gøymeplassane sine og inn i husa til dei som bur i området. Det er meldt om at meir enn 500 menneske er blitt biten av dei skumle edderkoppdyra.

Blir kalla «menneskemordaren»

Fungerande helseminister i landet, Khalid Abdel-Ghafar, har sagt at det ikkje er rapportert dødsfall som følgje av stikka. Likevel vart fleire legar tilbakekalla frå permisjonar og fleire sjukehus vart sette i høg beredskap, slik at dei var klar for å ta imot dei uheldige.

Dei som vart stukne av skorpionane har rapportert om at symptoma deira var sterke smeter, feber, sveitte, oppkast, diaré og muskelskjelvingar.

Aswan-fjella er heimstad til den arabiske svarte skorpionen, eller Androctonus crassicauda som den heiter på gresk. Dette namnet kan omsetjast til «menneskemordar», skriv Al Jazeera. ​​Dei blir rekna som blant dei dei farlegaste skorpionane i verda, og har ei svært giftig gift.