Har funne spor etter meterlang skorpion

Forskarar i Kina har funne spor etter ein skorpion som var på storleik med ein hund. Skorpionen var kongen av havet for 440 millionar år sidan.

Viss du har vore på ferie i varme land, har du kanskje sett ein skorpion. Dei er som regel mellom 1 og 20 centimeter lange, og er kjende for å ha sterke klyper og ein hale med ein giftig brodd.

Sjølv om dei fleste av desse små krypdyra heldigvis er ufarlege for menneske, kan dei vera skumle nok. Kva hadde du tenkt dersom du kom over ein liknande skapning som var like stor som ein hund?

Illustrasjonsfoto: Pixabay

Fann ein «superskorpion»

Store havskorpionar, kan ha vore ein av dei skumlaste rovdyra som vandra rundt på havbotnen i Sør-Kina for meir enn 400 millionar år sidan. Det sler ein ny studie fast, skriv Independent.

Arkeologar i Kina fann nyleg restar av ein «superskorpion», som var om lag ein meter lang. Det betyr at den er så mykje som 16 gonger større enn dei skorpionane me er kjend med i dag og omlag på storleik med ein hund.

Håpar å finna ut meir

Arkeologane meiner at skorpionen, med det latinske namnet «Terropterus xiushanensis», levde ein stad mellom 443 og 419 millionar år sidan. Det skriv Nanjing Institute of Geology and Palaeontology i ei pressemelding.

No håpar forskarane at dette fossilet vil vera til hjelp for å finna ut meir om arten, då det er den første av sitt slag som er vorten oppdaga på 80 år.