Noreg på feriepallen

Noreg er eit av dei ti landa Lonely Planet anbefaler å reisa til i 2022.

– Me er så stolte! Å bli løfta opp og fram av Lonely Planet betyr mykje, seier Bente Bratland Holm, som er reiselivsdirektør i Innovasjon Norge i ei pressemelding. 

Nyleg presenterte reisemagasinet Lonely Planet si nye liste, som inkluderer ti land, byar og regionar dei anbefaler at folk reiser til neste år. I 2022 har dei lagt vekt på berekraftige reiseopplevingar, som legg til rette for at turistar skal kunne påverka plassane dei reiser til på ein positiv måte.

Ein god andreplass

Heilt på toppen av lista er eitt av dei minste landa i verda – The Cook Islands. Noreg har karra seg til ein andreplass, medan tredjeplassen går til Mauritius.

Topp 10 land:

  1. Cookøyene
  2. Noreg
  3. Mauritius
  4. Belize
  5. Slovenia
  6. Anguilla
  7. Oman
  8. Nepal
  9. Malawi
  10. Egypt

 

Topp 10 regionar:

  1. Vestfjordane, Island
  2. Vest-Virginia, USA
  3. Xishuangbanna, Kina
  4. Kent’s Heritage Coast, UK
  5. Puerto Rico
  6. Shikoku, Japan
  7. Atacama Desert, Chile
  8. The Scenic Rim, Australia
  9. Vancouver Island, Canada
  10. Burgund, Frankrike

 

  1. Topp 10 byar:
  2. Auckland, New Zealand
  3. Taipei, Taiwan
  4. Freiburg, Germany
  5. Atlanta, USA
  6. Lagos, Nigeria
  7. Nicosia/Lefkosia, Kypros
  8. Dublin, Irland
  9. Merida, Mexico
  10. Firenze, Italia
  11. Gyeongju, Sør-Korea