No vil nordmenn til Syden att

Freistar det med bading, sol og varme? Då er du ikkje åleine, for no har reisebestillingane for sydenhungrige nordmenn verkeleg tatt seg opp.

Tal frå finn.no viser ei kraftig vekst i reisebestillingar etter at Noreg opna opp att, skriv NRK.

Fredag forrige veke var det 45 prosent fleire bestillingar av flyreiser enn den same dagen veka før. Det var også 40 prosent fleire bestillingar av pakkereiser.

Dei mest populære reisemåla er Gran Canaria i Spania og Kreta i Hellas.