Massivt vulkanutbrot på kanariøya La Palma

For første gong på 50 år, har vulkanen på øya La Palma vakna til liv. Utbrota har ført til at fleire tusen menneske har blitt evakuert frå heimane sine.

På ettermiddagen den 19. september, vakna vulkanen Cumbre Vieja på øya La Palma til live med eksplosive utbrot. Like etterpå kunne store, mørke, askeskyer sjåast då dei steig opp mot himlen.

Dette er den første gongen vulkanen er aktiv på 50 år.

Om lag 400 hus og bananplantasjar er blitt øydelagt så langt, og 7000 innbyggjarar er evakuert frå heimane sine. Det er ikkje meldt om personskadar som følgje av utbrotet, skriv Sky News. 

Her kan du sjå ei direktesending av vulkanutbrotet:

84 utfordrande dagar

Kanariøyane er godt kjent for sine aktive vulkanar. Både i 1946 og i 1971 var det utbrot på La Palma, og den siste gongen var utbrota aktive i 84 dagar.

Ekspertar i Kanariøyane sitt vulkanologinstitutt (INVOLCAN), har uttalt at vulkanutbrotet og etterverknadane av kan vara like lenge, skriv Aftenposten.

Styresmaktene på øya meiner derfor at innbyggjarane vil vera i fare i lang tid framover. Dei kan mellom anna komma i ein situasjon der dei vil oppleva jordskjelv, lamastraumar, giftige gassar, vulkansk aske og sur nedbør.

Foto: AP Photo / Emilio Morenatti

Gassar og eksplosjonar

No har lavaen tatt seg nedover fjellsidene, og nådd havet. Når den glovarme lavaen hamnar i vatn, skjer det ein reaksjon som kan gi giftige gassar og eksplosjonar.

Aftenposten skriv at eksplosjonane kan skje fordi det blir skapt ein situasjon der vulkansk materiale blir kasta ut av vulkanen.

Dei giftige gassane kan oppstå når lavaen treffer havet, og det blir danna ei lavasky. Den er eit resultatet av at den varme lavaen treffer det mykje kaldare havet, kan utløysa ein kjemisk reaksjon som kan innehalde klorin. Dette stoffet kan mellom anna irritera hud gi pusteproblemar, ifølgje BBC.

Reuters melder at menneske som bur i nærleiken av der lavaen møter vatnet, må halda seg heima.

La Palma ligg lengst vest på Kanariøyane, og har 85.000 innbyggjarar.

La Palma er ein av dei minste kanariøyane, og er ikkje ein typisk ferieplass. Skjermdump: Google Maps Kollasj: Framtida Junior