Ny smittetopp i Noreg

Det siste døgeret er det registrert 1796 koronasmitta i Noreg. Dette er det høgaste talet på eitt døgn så langt under pandemien. No er Noreg inne i ei fjerde smittebølgje.

– Me har ikkje veldig god kontroll, i og med at smittetala aukar så mykje som dei har gjort veke etter veke. Samtidig blir fleire vaksinert no, og det vil hjelpa veldig, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad til NRK.

Førre veke vart det registrert minst 8376 nye smittetilfeller i Noreg, og det siste døgeret har 1796 stykker fått positivt testresultat. Det viser førebelse tal frå Folkehelseinstituttet.

Les også: Korleis fungerer eigentleg ei vaksine?

Treng tydelege råd

Vaksinene hjelper heldigvis godt, for enn så lenge er det ikkje så veldig mange som må på sjukehus grunna viruset.

– Heldigvis så stig ikkje talet på dei som må på sjukehus like kraftig som tala på dei som blir smitta. Men me følgjer nøye med, sa assisterende helsedirektør Espen Rostrup Nakstad til Dagbladet på tysdag.

Fleire plassar, som mellom anna Oslo, er ein godt i gang med å vaksinera dei som er 16 og 17 år. Byrådsleiar i hovudstaden, Raymond Johansen, har kontakta FHI og Helsedirektoratet for klarare råd om korleis byen skal takla smitteauken.

– Det er hast om at me får klare og tydelege råd om det som gjeld vaksinering av dei som er mellom 12 og 15 år gamle, seier han til NRK.

Illustrasjonsfoto: Pixabay

Dette er det som framleis er lurt å hugsa på, for å unngå smitte: 

  • Om du er sjuk, må du halda deg heima. Om du ikkje føler deg bra, bør du ta ein koronatest.
  • Pass på å ha god hand- og hostehygiene. Vask deg på hendene når du kjem heim og host i albogen om du må hosta.
  • Hald ein meters avstand til andre, med unntak av dei du bur saman med.

Les også: 16- og 17-åringar får tilbod om koronavaksine