16- og 17-åringar får tilbod om koronavaksine

Regjeringa har bestemt at unge som er fødde i 2004 og 2005 vil få tilbod om koronavaksine. Enn så lenge har dei ikkje bestemt seg om 12–15-åringane skal få tilbod.

16- og 17-åringar vil få tilbod om vaksine etter at befolkninga over 18 år er fullvaksinert, opplyser regjeringa.

– Unge i alderen 16–17 år har låg risiko for å bli alvorleg sjuk av covid-19, men med utviklinga i sommar med aukande smitta blant ungdom og unge vaksne, kan talet på ungdom som risikerer å bli alvorleg sjuk auka, seier helseminister Bent Høie (H).

Høye legg til at vaksina vil verna kvar enkelt, gi ungdommar ein meir normal kvardag og bidra til immunitet i befolkninga. Vaksinasjon av aldersgruppa kan også føra til eit mindre smittepress i samfunnet og dermed også mindre smitte blant yngre barn, skriv NRK.

Les også: Korleis fungerer eigentleg ei vaksine?

Skal få Pfizer-vaksinen

Det er no to vaksinar som er godkjente for bruk i aldersgruppa 12-17 år. Dei er  BioNTech/Pfizer sin vaksine og Moderna-vaksinen. Førstnemnde har vore godkjent lengst, og FHI oppmodar derfor enn så lenge at ungdom som hovudregel skal få BioNTech/Pfizer-vaksinen.

I USA er 12 millionar ungdommar i alderen 12–17 år vaksinert med første dose og 9 millionar med andre dose av denne vaksinen.

Les også: Tre av fire er positive til å vaksinere born mot korona