LESETIPS FRÅ EIN TEIKNESERIESKAPAR: Charlotte Sandmæl

Etter lange dagar på stranda og i sola, er det lite som er betre enn å trekkja seg tilbake og lesa ei fin, spennande eller kjekk bok.

LESETIPS FRÅ EIN FORFATTAR

I løpet av sommaren kjem Framtida Junior til å publisera lesetips frå fleire kjende barnebok-forfattarar i Noreg.

LES FAKTALUKK FAKTA

Framtida Junior har spurt barnebok-forfattarar i Noreg om deira beste lesetips i sommar.

I dag er det teikneserieskapar Charlotte Sandmæl som gir sine tips.

Ho er aktuell med boka «Dragens øye».

Nordlys – Trollriket av Malin Falch

Denne fjerde boka i Nordlys-seriener heilt klart favoritten min så langt!

Ei utruleg spennande bok som er vakkert teikna.

 

 

Snøkattprinsen av Dina Norlund

Ein kan lesa denne boka om sommeren, sjølv om den har ‘”snø” i tittelen!

Snøkattprinsen er ei spennande teikneseriebok med ei eventyraktig handling og veldig søte karakterar.

 

 

Ragnarok – Fenrisulven av Odin Helgheim

Denne kjennest litt ut som viss ein blandar Naruto med norrøn mytologi – og eg elskar både Naruto og norrøn mytologi!

Vikingar, magi, og mystiske vonde krefter…

Han sluttar litt spennande, men det går bra, for bok to kjem i august!