Lag din eigen teikneserie

Teikneserieskapar Charlotte Sandmæl er aktuell med boka «Dragens øye». Her deler ho sine beste tips til deg som vil laga din eigen teikneserie. 

STORYBOARD:

(Frå boka «Dragens øye»)

Når eg lagar teikneseriar startar eg ikkje med eit manus, men med noko som liknar meir på eit “story-board”. Det er veldig enkle skisser som fortel kva som skal skje på kvar enkelt rute. Eg liker å gjera dette med kulepenn i ei notatbok.

 

REINE SKISSER:

(Frå boka «Dragens øye»)

Deretter set eg opp sidene på pc-en (eller iPad) i Clipstudio paint. Sidene endar jo opp med å stå to og to ved sida av kvarandre i boka, så derfor liker eg òg å teikna dei slik, så veit eg at dei passar saman. Dette stadiet er òg skissing, så det er ikkje viktig at alt ser fint eller korrekt ut. 

TUSJING:

(Frå boka «Dragens øye»)

Neste steg er det som kallast «tusjing». Når ein ikkje jobbar digitalt så skisser ein gjerne med blyant for så å gå over med tusj og viska ut blyantstrekene etterpå. Eg gjer det same, berre digitalt. På dette stadiet er det greitt å vera nøye, for det er no det skal byrja å sjå fint ut!

FARGELEGGING:

(Frå boka «Dragens øye»)

Så er det på tide med litt farge! Eg startar med å fylla folk og dyr med éin farge, så målar eg inn bakgrunnane. Eg liker å ha bakgrunnane på plass før eg fargelegg folka, fordi fargane og lyset i bakgrunnen har mykje å seia for korleis personane blir fargelagt.

SKUGGAR OG EFFEKTAR:

(Frå boka «Dragens øye»)

Så fargelegg eg alle folk og dyr, og til slutt legg eg på effektar (som dei magiske pilene som glødar)!

 

(Frå boka «Dragens øye»)