Sjekk ut NASA sitt rom-toalett

Lurer du på korleis eit rom-toalett ser ut? Her har du fasiten.

Foto: NASA

Lurer ikkje alle på korleis toaletta i rommet ser ut? Og korleis det faktisk er å gå på do ein plass der det ikkje er tyngdekraft?

Nasa har nettopp brukt over 23 millionar dollar (det tilsvarar om lag 200 millionar norske kroner) på eit heilt nytt toalett, skriv BBC.

Betre for kvinner

Å gå på toalettet er eit grunnleggjande menneskeleg behov. Men når ein er ein plass der det ikkje finnast tyngdekraft, kan ting bli litt vanskeleg. No ser det ut til å vera i ferd med å bli lettare.

Det nye toalettet, som er installert om bord på den internasjonale romstasjonen, er blitt gjort om på med ein fornybar teknologi. Det skal også vera lettare for kvinner å bruka det, då kvinnelege astronautar no har fått komma med tilbakemelding om komfort og brukarvennlegheit.

Resirkulering er viktig – også i verdsrommet

Resirkulering er veldig viktig om bord på ein romstasjon.

– Me resirkulerar om lag 90 prosent av all vassbasert væske på romstasjonen, inkludert urin og sveitte, seier NASA-astronaut Jessica Meir.

Toalettet skal føra urinen inn i eit system som resirkulerer den for vidare bruk. Så om du lurte – astronautane drikker faktisk sin eigen urin etter at det er filtrert og behandla.

– Me prøver å etterlikna element i jorda si naturlege vassyklus for å gjenvinna vatn frå lufta. Og når det gjeld urinen vår, er dagens kaffi morgendagens kaffi, legger Jessica til.