LESETIPS FRÅ EIN FORFATTAR: H.L. Phoenix

Etter lange dagar på stranda og i sola, er det lite som er betre enn å trekkja seg tilbake og lesa ei fin, spennande eller kjekk bok.

LESETIPS FRÅ EIN FORFATTAR

I løpet av sommaren kjem Framtida Junior til å publisera lesetips frå fleire kjende barnebok-forfattarar i Noreg.

LES FAKTALUKK FAKTA

Framtida Junior har spurt barnebok-forfattarar i Noreg om deira beste lesetips i sommar.

I dag er det H.L. Phoenix som gir sine tips. 

H.L Phoenix er forfattar, illustratør og designar. Han er også utdanna barne- og ungdomsarbeidar, personleg trenar og ernæringsrettleiar.

Han er no aktuell med den første boka i fantasy-serien om Arkin, «Lysets Vokter».

Det er planlagt fire bøker om Arkin og reisa hans frå å vera ein einsam, usynleggjort gut – til å bli den magiske guten tittelen spelar på. Bok nummer to kjem våren 2022.

Foto: Cappelen Damm

Amuletten-serien av Kazu Kibuishi

Denne serien er spennande frå første side, dialogane er gode og teikningane og fargane er spennande.

Dette er ein av dei kulaste seriane eg har lese!

Steinvokteren, som er avbilda, er den første av så langt åtte bøker i Amuletten-serien.

 

 

Foto: Vigmostad Bjørke

Den utrolige historien om den kjempestore pæra av Jakob Martin Strid

Denne boka er tjukk og byr på fascinerande illustrasjonar og eit koseleg, men spennande, plott!

Fantasi for små barn på høgt nivå!

 

 

 

Foto: Victoria Forlag

Den siste gjengen på jorda-serien av Max Brallier

Denne serien består av ein fin kombinasjon av tekst og illustrasjonar, noko som er eit fint mellomstadie før ein eventuelt byrjar å lesa bøker beståande berre av tekst.

I tillegg er bøkene kule, spennande og morosame! Blir anbefalt!

 

Har du eit lesetips til andre barn og unge? Del det i kommentarfeltet!