No er det endeleg tid for Sommarles

Frå 1. juni - 31. august blir årets Sommarles arrangert. Du kan mellom anna vinna digitale trofé og små premiar som kan hentast på biblioteket!

Sommaren er perfekt tid for å lesa bøker! Du kan ta med deg boka på stranda, til Syden, på hytta, eller berre til sofaen i din egen heim. Og kva er vel ikkje betre enn å kombinera lesing med konkurranse?

Alt dette får du viss du blir med på Sommarles i sommarferien! Her kan du melda deg på konkurransen.

– Me har eitt mål: Å motivera barn til å lesa mest mogleg i løpet av ein lang sommarferie. Barna som er med på Sommarles kan velja å lesa sjølv, bli lese for eller å høyra på lydbok.

– All lesing er viktig, og barna vel sjølv kva dei vil lesa. Om det er fantasybøker, fotballbøker eller teikneseriar. Målet vårt er at så mange barn som mogleg får oppleva ekte leseglede og lesemestring, skriv Sommarles på nettsidene sine.

Sjå kickstart-videoen til Sommarles her:

 

Lesekampanje for barneskuleelevar

Sommarles er ein lesekampanje for barneskuleelevar, som blir arrangert av biblioteka i sommarferien. Du kan vera med frå 1. juni–31. august.

Til fleire oppgåver du løyser, og til fleire sider du les–til fleire poeng kan du samla. Du kan stikka innom ditt lokale bibliotek for å henta kodeord, lesa og låna så mange bøker du berre vil.

I år vil deltakarane også få ein eksklusiv tilgang til ei spesiell Sommarles-forteljing som er laga av forfattar Mari Moen Holsve. Eit nytt kapittel frå denne forteljinga blir tilgjengeleg kvar veke gjennom kampanjen.

Denne videoen presenterer årets Sommarles: