Kjemperekord for Sommarles

Aldri har så mange barn vore med i Sommarles-kampanjen som i år, og aldri før har så mange lese så mykje. 164.000 barn har lese over 2,3 millionar bøker i sommar.

Sommarles i tal:

Sider: 242 934 613
Bøker: 2 323 272
Premiar delt ut: 205 532
Deltakarar: 164 140
Sider per brukar: 1 480

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er veldig kjekt å vera med på Sommarles! seier søstrene Lina og Astrid Aasheim.

Venninna deira Hanna Marie Ellefsen Nysæter er heilt einig. Alle vil bli med til neste år òg.

– Det er kult med ny rekord i Sommarles, seier dei og håpar på ny rekord til neste år.
Framtida Junior treff dei etter dei var på Sommarles-festen til Stord folkebibliotek. Der fekk dei besøk av ein ekte tryllekunstnar.

– Kjempetal

Sommarles-kampanjen avslutta tysdag denne veka. Framtida Junior har fått tal som viser at det er nye rekordar med solid margin.

– Me har auka talet på deltakarar med 40.000, og slått alle tenkelege og utenkelege rekordar, seier den strålande nøgde Sommarles-sjefen Siri Haga Torgersen. Ho er prosjektleiar for Sommarles-kampanjen og rådgjevar ved fylkesbiblioteket i Vestfold og Telemark.

Totalt har deltakarane lese nesten 243 millionar sider, og 2,3 millionar bøker.

– Er det mogleg å skapa nye rekordar i framtida?

– Ja, det er enno eit potensiale for vekst. Ofte så er det mest deltaking i dei små kommunane, medan dei større byane har ein større del som ikkje deltar på Sommarles. Der har me potensiale for å nå lenger ut, seier Siri Haga Torgersen, og seier dei allereie legg nye planar for Sommarles til neste år.

Populære premiar

Barn i Oslo las flest sider og kom seg opp på høgast level i Sommarles. I snitt kom dei på level 22,9. Snittet for Noreg blei level 21. Rogaland hadde flest barn med, og var einaste fylket med over halvparten med i lesekonkurransen.

– Det er heilt utruleg god deltaking der. Me er supernøgde med at deltakartalet har gått som opp, seier ho.

Kvar deltakar i Sommarles las i snitt 14,2 bøker.

Biblioteka delte ut over 205.000 premiar. Det kunne vore fleire, for over 52.000 premiar blei ikkje henta. Silikon-armband var med populært. Steinar og pilspiss kom på dei neste plassane.

Tre kjekke lesetips

Lina Aasheim
Alder: 10 1/2 år
Favorittbok: Operasjon Rød sløyfe
Likte den fordi: Spennande og dramatikk

Astrid Aasheim
Alder: 9
Favorittbok: 100 fantastiske fakta om verdensrommet
Likte den fordi: Eg likar fakta og lære om verdsrommet

Hanna Marie Ellefsen Nysæter
Alder: 10 1/2 år
Favorittbok: Absolutt ukyssa
Likte den fordi: Den var spennande