Saga Aurora (7) er supergod på å fiska

Saga Aurora Lund-Andersen har fiska både i elv, hav og innsjø. Førre helg var ho på isfiske.

Då ho var seks år fiska ho sin første fisk heilt åleina. No er ho sju og har fleire eigne fiskestenger. Saman med familien legg ho stadig ut på nye fiskeeventyr.

– Den første fisken eg fekk var ein jenteaure. Eg fekk fisk på fyrste forsøk, men pappa sa det var ein babyfisk så han kasta den ut att i sjøen, fortel Saga Aurora.

STOR LAKS: Her fiska Saga Aurora ein laks på 4 kilo i ei elv i Stjørdalen. – Det var tungt å dra fisken inn. Eg måtte ropa på pappa. Foto: Anne Cecilie Lund-Andersen

Ho likar seg på fiske. Men, av og til krever det ein stor dose tolmod.

– Det er gøy viss eg får fisk, og kjedeleg når eg ikkje får noko på kroken.

Spennande isfiske

Førre helg la familien ut på ei ferd til Møsvatn i Tinn kommune for å isfiska. Då hadde dei med seg eit isbor som dei brukte til å laga hol i isen.

– Eg ausa vekk dei små isbitane som låg i holet etter boringa, fortel Saga Aurora. 

Familien sat lenge ved holet i isen for å pilka. Då brukte dei ein fiskereiskap, ei pilkestikke, med ein krok som er festa til eit blankt metallstykke, ein aureblink. Metallstykket er forma slik at det freistar fisken til å bita på når det beveger seg opp og ned i vatnet. 

SLØYER FISK: Her fiskar familien med garn på Møsvann i november i fjor. Foto: Anne Cecilie Lund-Andersen

– Men vi må også ha meitemark på fiskekroken under blinken. Så lot me pilkestikkene stå ved holet over natta. Men, då vi sjekka dei neste dag var det ingen fisk på kroken, fortel ho.

Dei måtte reisa frå isen utan å få fisk, men ser allereie fram mot neste fisketur. Neste helg skal familien ut på tur igjen. Då skal dei ha med seg ein fiskeguide som skal vise dei beste fiskeplassane.

– Då skal vi fiska både frå båt og land. Det blir gøy!

 

Her er Saga Aurora sine beste fisketips: 

  • Du kan ha reke, meitemark eller maggot som agn på kroken. Maggot er ei larve. Du kan også bruka sluk eller ei flue. Ikkje ei ekte flue altså, men ei lateflue. Meitemark er fint å bruka. Vi skal laga ein meitemarkfarm i hagen – slik at vi alltid har mark til fiske. 
  • Viss du skal på fluefiske er det lurt å øva på å kasta på ein grasplen utan andre folk rundt deg. Og ikkje ta på krok før du har lært å kasta!
  • Det er lurt å ha på solbriller – for dei beskyttar mot å få kroken i auga.
  • Det er lurt å ha på vadar i elva eller på stranda viss du skal gå ut i sjøen. Vadar er støvlar og ei vasstett bukse som heng saman. 
  • På isfiske må du ha isbor, pilkeutstyr, gode klede og solbriller som skjermar deg mot å bli snøblind og god niste! Eg likar å ha med bitte må kanelboller. Av og til lagar vi bål eller tek med oss primus. 
  • Ta på redningsvest!
VADER: Saga Aurora har på seg vader, slik at ho kan stå i vatten utan å bli våt. Foto: Anne Cecilie Lund-Andersen