Pussefisken kjenner igjen seg sjølv på bilete

Denne vesle fisken angreip bileta som ikkje var av han sjølv. Det tyder på at han kjenner att bilete av seg, meiner forskarar.

Spegeltesten blir brukt for å finna ut om eit dyr kan kjenna seg sjølv igjen, skriv Ung.Forskning.no.

I testen set forskarar eit lite merke på ansiktet til dyret. Tanken er at han kjenner igjen seg sjølv viss han prøver å få bort flekken. Til dømes om ein fisk gnir seg mot botnen av akvariet.

VIDEO: Her kan du sjå pussefisken fjerne parasittar

Nokre av dyra som har klart testen, blir rekna for å vera dei smartaste i verda. Sjimpansar, delfinar og skjerar har greidd testen. Men det finst berre éin fisk som har klart testen. Det er ein pussefisk som på engelsk heiter bluestreak cleaner wrasse. Den blir kalla pussefisk fordi han et parasittar og død hud frå andre fisk.

Slik utførte dei testen

I den nye studien ville forskarane finna ut om pussefiskane kunne kjenna igjen seg sjølv på bilete. Fiskane fekk sjå fire ulike bilete. Eitt var eit bilete av dei sjølv. Eit anna bilete var av ein annan fisk av same art. På eit tredje bilete hadde forskarane redigert inn ansiktet til pussefisken på ein annan fisk kroppen sin.

Pussefisken prøvde å angripa bileta med dei framande pussefiskane. Den lét begge bileta med sitt eige ansikt vera i fred. Det tyder på at fisken klarer å kjenna igjen sitt eige ansikt.

Teikna parasitt

Eller kunne det vera at han trudde det kunne vera ein venn?

Forskarane testa det òg. Derfor gjorde dei som i den vanlege spegeltesten og teikna inn ein flekk som likna på ein parasitt på halsen til fisken.

Seks av dei åtte fiskane prøvde å gni parasitten av. Forskarar prøvde det same med ein flekk som ikkje såg ut som ein parasitt. Då verka fiskane til å ikkje bry seg.