Meir enn 37.000 spelarar var innom 17. mai-toget til Skogliv på nasjonaldagen. Dette er det største talet på spelarar som nokon gong har vore på eit arrangement på Minecraft i Noreg, skriv Skogliv på nettstaden sin.
– Målet vårt var å kunna måla oss med det vanlege barnetoget i Oslo. Å passera det med god margin, var over alle våre forventningar. Det har vore ei enorm respons og me er utruleg glad for at det gjekk så bra, seier Tarjei Mo Batalden i Skogliv.
Les også: Inviterer til Noregs største digitale 17. mai-tog på Minecraft
Truleg ny norsk rekord
Allereie klokka 07.00 var omtrent 500 klar til å logga inn. Klokka 09.00 var 4000 med på feiringa, då dagens første tog gjekk.
Klokka 12.08 var 4546 spelarar pålogga samtidig.
Då var 17. mai-feiringa truleg verdas tredje største Minecraft-server, og satte truleg ny norsk rekord i talet på samtidige påloggingar.
Deltakarane fekk moglegheit til å oppleva fleire kjende landemerke frå heile Noreg, og Oslo sentrum ned til den minste detalj. Mellom anna var Kronprinsparet til stades utanfor heimen sin i Asker, og Stortingspresidenten Tone W. Trøen var på plass utanfor Stortinget med ei utstilling i anledning 200-årsjubileet til det norske flagget.