Det norske flagget fyller 200 år – stem på din favoritt

I år er det norske flagget i raudt, kvitt og blått 200 år gamalt. Men visste du at det kunne sett heilt annleis ut?

Det er ikkje ei sjølvfølgje at me har det raude, blå og kvite flagget i Noreg. For det var nemleg mange ulike valmoghegheiter, då det norske flagget vart valgt for 200 år sidan.

No ber Stortinget folket om å stemma på kva flagg dei ville ha valgt, om dei fekk registrera si stemma i dag, skriv NRK.

Flaggforslaget frå Christian Magnus Falsen leiar avstemminga så langt. Flagget har fått 53,3 prosent av stemmene. Dokument frå Stortingets arkiver.

Stem på din favoritt

– Flaggjubileet er ekstra viktig for å markera eit år der 17. mai-feiringane for mange vil vera annleis enn vanleg, seier stortingsrepresentant Tone Wilhelmsen Trøen til NRK.

Stortinget har laga ein plakatutstilling som vil stå på Eidsvolls plass gjennom heile mai. Den kan også opplevast utanfor Stortinget i sommar.

Her kan du stemma på kva flagg du kunne tenkt deg å hatt, dersom me skulle stemt på nytt no.