Kronprinsfamilien stiller i det digitale 17. mai-toget

I Minecraft-kopien av Skaugum i Asker kjem Kronprinsfamilen, tradisjon tru, til å helsa på toget som går forbi.

– Kronprinsfamilien seier ja til å vera med i Minecrafts 17. mai.toget i Asker, seier kommunikasjonssjef Guri Varpe ved Slottet til Budstikka. Ho kan røpa at familien synast at det er gøy.

Over 20.000 har allereie sagt at dei er interessert i å delta i Skoglivs 17. mai-tog på Minecraft. Det digitale toget kjem til å passera kjende landemerke i heile Noreg, som mellom anna Operaen i Oslo og Bryggen i Bergen.

Les også: Inviterer til Noregs største 17. mai-tog på Minecraft

– Kjem til å bli ei stilig oppleving

I Minecraft-kopien av Skaugum i Asker, kjem Minecraft-avatarane av Kronprinsfamilien til å møta dei som går forbi.

– Me er veldig glad for å ta vare på tradisjonen der Kronprinsfamilien helsar på toget i Asker om morgonen også i år. Det kjem til å bli ei stilig oppleving som heile landet får moglegheit til å bli med på, seier Tarjei Mo Batalden i Skogliv.