Inviterer til Noregs største, digitale 17. mai-tog på Minecraft

For andre år på rad, arrangerer Skogliv Noregs største digitale 17. mai-tog på Minecraft. I år har dei gjort fleire oppjusteringar på kapasiteten og på omgivnadane, slik at endå fleire kan bli med.

– Me skulle gjerne likt å feira 17. mai som vanleg, men det blir nok ikkje mogleg i år heller. Derfor lagar me eit digitalt 17. mai-tog der me kan samlast og feira, utan å tenkja på avstand, antal nærkontaktar og smittevern. Me har plass til alle som har lyst å vera med, seier Tarjei Mo Batalden (22) i skogliv.no.

Skogliv er Noregs største Minecraft-server, der alle kan koma inn for å byggja, utforska og spela. Sidan oppstarten i 2018 har dei hatt om lag 30.000 besøkande, og har slik vore ein naturleg samlingsplass for mange born og unge.

– Me har nokre tusen besøkande kvar veke. Det eit aktivt samfunn, seier Tarjei.

Les også: Kronprinsfamilien stiller i det digitale 17. mai-toget

Slottet: I Oslo er det mellom anna mogleg å sjå Slottet.

Spennande endringar i år

– Det var ein kjempesuksess i fjor. Det var så kjekt å sjå at alle hadde det bra, sjølv om 17.mai-feiringa ikkje vart som normalt, seier Tarjei.

Det blir ei kunstig løype med kjende element frå heile Noreg, og ei Oslo-løype som er heilt reell. Sistnemnde er altså bygd heilt likt som det ser ut i røynda. Tarjei seier løypa frå Oslo er spesielt imponerande.

Pyntar med flagg: Tarjei fortel at dei kjem til å pynta med norske flagg. – Me kjem til å byggja mange av dei norske flagga med klossar. På eitt vis vil det vera mogleg å vifta med det. Det vil bli litt hakkete, men det blir så bra som mogleg. Her frå Bryggen i Bergen.

Vil visa det fram til så mange som mogleg

– Me har brukt det siste året på å byggja heile Oslo sentrum saman med RevenJoakim. Det skal vera mogleg å starta på Jernbanetorget, gå opp heile Karl Johan og svinga ned for å sjå Rådhuset og Operaen, seier han og legg til:

– Det er eit så imponerande byggverk at me gjerne vil visa det fram til så mange som mogleg.

Det vil vera mogleg å logga inn med både PC, telefon og nettbret.

– Me kjem til å pynta med norske flagg, og gjenta suksessen frå i fjor der alle fekk eit flagg å halda i handa. Flagget blir ikkje heilt rett, men så godt som me får det.

No håpar han på endå fleire deltakarar enn dei hadde i fjor.

Reis til Kardemommeby: Kva med ein digital tur til Kristiansand og Dyreparken? Det har du moglegheit til på 17. mai.