Kaffirestar hjelper regnskogen å vekse

For to år sidan spreidde forskarar restar frå kaffibønner over eit lite område som tidlegare hadde vore regnskog. Då dei såg korleis det hadde gått, vart dei overraska.

Det viste seg nemleg at kaffibønner hjelper regnskogen med å veksa igjen, skriv Ung.Forskning.no.

Forskarar frå Sveits og Hawaii dumpa kaffirestar frå 30 lastebilar på eit område med nedbrent skog i Costa Rica, som ligg i Mellom-Amerika.

Området som fekk eit tjukt lag med kaffirestar oppå jorda, forandra seg til ein liten skog etter berre to år, seier Rebecca Cole, ein av forskarane bak studien.

Gode nyhende

To tredjedelar av den tropiske regnskogen i verda er borte eller øydelagt, viser ferske tal frå Regnskogfondet. Kvart år forsvinn eit område på storleik med Danmark. Så dette er svært gode nyhende.