4 ting du kan gjera for regnskogen

Regnskogane gir livsgrunnlag til millionar av menneske. Dei er dessutan svært viktige for klimaet på jorda. Kva kan du gjere for regnskogen?

FAKTA om regnskogen:
  • Regnskogane gir livsgrunnlag til millionar av menneske. Dei er dessutan svært viktige for klimaet på jorda.
  • Saman med resten av skogane i verda tar regnskogane opp CO2, bind karbonet og produserer oksygen gjennom fotosyntesen.
  • Dei frodige, eviggrøne skogane dekkjer i dag ikkje meir enn om lag 6 prosent av jordas overflate. Men, regnskogane er heimen til mellom 50 og 90 prosent av alle artane i verda, ifølgje WWF.
LES FAKTALUKK FAKTA
  1. Sei nei til palmeolje. Ikkje kjøp matvarer, kosmetikk, såpe og vaskemiddel med palmeolje i seg.
  2. Kjøp regnskogvenleg mat utan soya frå regnskogane. Både oppdrettslaks og kyr får ofte mykje soya i fôret sitt. Sei frå at det ikkje er greitt med soyafôr som øydelegg regnskogane.
  3. Unngå å kjøpa møblar og andre produkt med tømmer frå regnskogen.
  4. Sei frå til politikarar og bedrifter og krev handling for regnskogane.

Les også: Klassen fekk diskutere regnskogen med klimaministeren

Kjelde: Regnskog.no