Slår alarm om regnskogen

To tredjedelar av den tropiske regnskogen i verda er borte eller øydelagt, viser ferske tal frå Regnskogfondet. Kvart år forsvinn eit område på storleik med Danmark.

Mest utsett er Amazonasregnskogen i Brasil. Det er heimen til dei største biologiske mangfalda i verda. Avskoging til landbruk utgjer den største trusselen mot plante- og dyreartane som bur her, skriv VG.

– Vi kjem ikkje til å nå måla i Parisavtalen viss vi ikkje bremsar tapet av tropisk regnskog og karbon som er lagra i desse skogane, seier Tim Cristophersen, leiar for naturlege klimaløysingar i FNs miljøprogram, til VG.

Verda bør gjera meir, meiner Regnskogfondet. Torsdag 11. mars la dei fram ein rapport under Oslo Tropical Forest Forum, med forslag til korleis utviklinga kan snuast. Ein del av løysinga kan ligga i verdas urbefolkning.

Urfolk spelar nemleg ei avgjerande rolle i å stansa klimaendringane og tapet av naturmangfald. Dei overvaker skogen, stansar inntrengarar og ulovleg aktivitet. I tillegg brukar dei skogen på ein meir berekraftig måte.

Å støtte desse folkegruppene er eit svært godt klimatiltak. Likevel får urfolk under 1 prosent av all klimabistand i verda.

Sjølv om det kan sjå mørkt ut, har tempoet på avskogingen sakka ned det siste tiåret. Delvis takka vera Noreg, som gir inntil tre milliardar kroner årleg på tiltak for å redusera avskoging. 70 prosent av all avskoging kjem av landbruk. Bøndene må få kunnskap om korleis produkt som soya og palmeolje kan dyrkast utan å brenna ned ny skog.